Sjekkliste for årleg oppdatering
Er du usikker på korleis du skal gå fram for å oppdatere informasjonen om verksemda di? Her finn du ei oversikt over kva du treng å gjere, og lenker til skjema du skal bruke. Fristen for å oppdatere informasjonen er 1. februar. Faktura for 2023 blir sendt ut i byrjinga av mars.
Endringar i årsverk, helsepersonellgrupper eller kontaktopplysingar?
- Då må du oppdatere elektronisk i dette Altinnskjemaet.
Er du usikker på kva for opplysingar NPE har om verksemda di, opnar du eit nytt skjema i lenka over. Har du ingen endringar, treng du ikkje sende inn på nytt. Oppføringa blir overført automatisk og årets faktura blir utrekna på dette grunnlaget.
Endringar i adresser?
- Då må du oppdatere i Einingsregisteret (Altinnskjema)
Oppdatere korleis du tek imot faktura?
- Vi tilbyr EHF-faktura, e-post-faktura og Digipost-faktura. Les meir her.
Endringar i organisasjonsform frå 2023?
- Fyrst må du melde ut gamal verksemd i dette Altinnskjemaet
- Etterpå må du melde inn ny verksemd i dette Altinnskjemaet
Ikkje tilskotsplikt lenger, blitt tilsett eller avslutta praksis?
- Då må du melde ut verksemda di i . Om utmeldinga skal gjelde for heile 2023, bruk dato 01.01.2023.
Har du spørsmål?
Send e-post til npeprivat@npe.no og vi svarar deg så fort vi kan.