Sjekkliste for årlig oppdatering
Er du usikker på korleis du skal gå fram for å oppdatere informasjonen om verksemda di? Her finn du ei oversikt over kva du treng å gjere, og lenker til skjema du skal bruke. Fristen for å oppdatere informasjonen er 1. februar. Faktura for 2021 blir send ut i byrjinga av mars.
Endringar i årsverk, helsepersonellgrupper eller kontaktopplysingar?
- Då må du oppdatere elektronisk i dette Altinnskjemaet.
Er du usikker på kva opplysingar NPE har om verksemda di, opnar du eit nytt skjema i lenka over. Har du ingen endringar, treng du ikkje sende inn på nytt. Oppføringa blir overført automatisk og fakturaen for i år blir rekna ut på dette grunnlaget.
Endringar i adresser?
- Då må du oppdatere i Einingsregisteret (Altinnskjema)
Oppdatere korleis du tek imot faktura?
- Frå 2022 tilbyr vi EHF-faktura, e-post-faktura og Digipost-faktura. Les meir her.
Endringar i organisasjonsform frå 2021?
- Fyrst må du melde ut gamal verksemd i dette Altinnskjemaet
- Etterpå må du melde inn ny verksemd i dette Altinnskjemaet
Ikkje tilskotsplikt lenger, blitt tilsett eller avslutta praksis?
- Då må du melde ut verksemda di i dette skjemaet. Om utmeldinga skal gjelde for heile 2021, bruk dato 01.01.2021.
Har du spørsmål?
Send e-post til npeprivat@npe.no og vi svarar deg så fort vi kan.