Utmelding

Om verksemda avviklar, eller ein ikkje tilbyr private helsetenester til pasientar lenger, har ein heller ikkje tilskotsplikt til NPE. Då er det viktig å melde verksemda ut av tilskotsordninga. Her kan du lese meir om korleis du gjer det.

Skriv ut Bokmål | English | 1. januar 2021

  • Om utmeldinga gjeld for heile 2021 er det viktig at du set utmeldingsdato til 01.01.2021 (elles er det dato for siste pasientbehandling i privat helseteneste som skal registrerast).
  • Hugs å  setje opphøyrsdato til siste dag med pasientbehandling i privat helseteneste når du melder deg ut.

Utmelding av tilskotsordninga skal skje innan ein månad etter avvikling eller endring av verksemda. Dette gjer du ved å bruke Altinn-skjemaet for utmelding.

Berre opphøyr for inneverande år kan meldast inn i utmeldingsskjemaet. Opphøyr for eit anna år må du sende til oss på e-post med grunngjeving.

Melde opphøyr av enkelte helsepersonellgrupper

Du kan berre melde opphøyr for alle helsepersonellgrupper i verksemda samla. Opphøyr av enkelte helsepersonellgrupper, må du melde på eige Altinn-skjema for endring og oppdatering.

Årsaker til utmelding

Det kan vere fleire årsaker til at verksemder ikkje har tilskotsplikt til NPE lenger. I skjemaet for utmelding finn du ein nedtrekksmeny, der du skal velje årsak til utmelding:

  • gått av med pensjon
  • klinikk/praksis er seld
  • inngått hundre prosent avtale om driftstilskot/heimel
  • har blitt tilsett
  • organisasjonsendring
  • innmeld via anna verksemd/felles innmelding
  • innmeld i kollektivavtale
  • permisjon

Om du vel permisjon som årsak til utmelding, må du sende ein e-post til oss med opplysingar om lengda på permisjonen og kva art.

Organisasjonsendring

Ved endring av organisasjonsform må tidlegare registrert verksemd meldast ut i eige skjema. Du må registrere den nye verksemda elektronisk i innmeldingsskjemaet i Altinn.

I tillegg må du sende melding til oss på e-post og opplyse om det nye organisasjonsnummeret.

Endring av organisasjonsform i løpet av året kan fyrst meldast i januar året etter, innan meldefristen som er 1. februar.

Refusjon av innbetalt tilskot

Om utmeldinga skjer 1. halvår, refunderer vi halvt tilskot. Om utmeldinga skjer 2. halvår, er det ingen refusjon. Har verksemda rett til å få refundert delar av tilskotet, er det viktig at vi får rett kontonummer. Kontonummeret skriv du inn i Altinn-skjemaet (skjemaet er ein trygg måte å kommunisere med oss på).

Oppbevaring av journalar etter utmelding

Pasientar har rett til å melde eit krav til oss i fleire år etter at behandlinga er gjort. For at vi lettare skal kunne hente inn journalopplysingar ved ei eventuell erstatningssak, treng vi å få vite kvar journalane til verksemda er, etter at ho er avvikla. Det er viktig at du fyller ut dette i skjemaet for utmelding.