Kva kostnader dekkjer tilskota?

Tilskota frå verksemdene som er melde- og tilskotspliktige skal dekkje både utgreiing av sakene og erstatning til pasientane når det blir medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 9. mai 2019

Grundig utgreiing

Utgreiinga av ei pasientskadesak kan variere mykje i omfang og kostnad. Dei fleste sakene krev at det blir gjort ein jobb med innhenting av journalar frå påklaga behandlingsstad og relevante opplysingar (journalar) frå andre stader pasienten har blitt behandla. Både erstatningssøkjar og behandlingsstaden har høve til å uttale seg. I dei fleste sakene er det òg behov for ei sakkunnig vurdering av behandlinga. Nokre saker krev omfattande dokumentasjon og fleire høve for dei involverte partane (erstatningssøkjar og innklaga behandlingsstad) til å uttale seg.

Tilskota skal dekkje kostnadene NPE har til å utgreie alle sakene som gjeld behandling i privat helseteneste.

Erstatning

Når NPE gir medhald i ei sak, må vi fastsetje rett erstatning. Kva har skaden gitt av økonomisk tap eller varig mein? Erstatninga kan vere utgifter ved å forsøke å utbetre skaden, ekstra utgifter ein får som følgje av at ein må leve med ein skade, tapte arbeidsinntekter og meinerstatning om skaden gir ein medisinsk invaliditet på minst 15 prosent. I saker der skadene er store, og der det er stor varig medisinsk invaliditet som inneber både at ein fell ut av arbeidslivet og treng hjelp til pleie og omsorg, kan erstatninga bli på fleire millionar kroner.

Erstatningane varierer frå 10 000 kroner opp til fleire millionar kroner. Gjennomsnittleg utbetaling i avslutta saker i privat helseteneste er på 150 000 kroner.

Eksempel på sak med lita utbetaling

Ein pasient blei operert med nasereduksjon. På grunn av svikt i behandlinga oppstod unødig omfattande arr, og behov for korrigerande inngrep. Det blei betalt ut ei erstatning på 15 000 kroner til pasienten for utgifter til å rette opp skaden.

Eksempel på sak med stor utbetaling

Ein pasient fekk omfattande smerteproblematikk etter svikt i tannbehandling. Pasienten fall ut av arbeid som sjølvstendig næringsdrivande, og fekk ein monaleg varig medisinsk invaliditet. Pasienten fekk dekt både utgifter, meinerstatning og inntektstap. Samla blei erstatninga på fleire millionar kroner.