Hva skal du betale?
Det kan vere vanskeleg å vite korleis ein skal registrere ulike typar årsverk. Her finn du eksempel på innmelding som kan hjelpe deg.
Kva er eit årsverk?
Årsverk er nemninga på det arbeidet ein arbeidstakar kan utføre i løpet av eit heilt arbeidsår. Utrekninga av et årsverk er talet arbeidstimar kvar veke multiplisert med talet arbeidsveker i året. I Noreg, der mange arbeidstakarar har tariffesta ei arbeidsveke på 37,5 timar og 5 veker ferie, vil eit årsverk utgjere ca. 1700 timar. Ved fulltidsarbeid reknar ein normalt 230 arbeidsdagar i året.
Arbeidstid
Ved utrekning av årsverk tek ein utgangspunkt i arbeidstida, og i arbeidstida inngår:
- konsultasjon
- føre- og etterarbeid
- administrasjon
Slik reknar du ut prisen:
For å finne ut kva det kostar å registrere verksemda, må du gange tilskotssatsen med talet årsverk. Skal du registere fleire ulike helsepersonellgrupper, må du gjere dette reknestykket for alle gruppene du skal registrere.
Oppstart fyrste halvår
Ved oppstart i fyrste halvår må det betalast fullt tilskot.
Oppstart andre halvår
Start andre halvår: halvt tilskot det fyrste året. I praksis gjer du dette ved å melde inn halvparten av årsverket. Om du til dømes jobbar 1,0 årsverk (100 prosent), registrerer du 0,5 årsverk (50 prosent) det fyrste året.
Hugs å oppdatere storleiken på årsverket ved den neste årlege oppdateringa.
Eksempel:
- 100 prosent stilling - registrere som 1,0 årsverk
- 50 prosent stilling - registrere som 0,5 årsverk
- 5 prosent stilling - registrere som 0,05 årsverk
Om verksemda har delvis driftstilskot, skal differansen mellom stillingsprosenten og storleiken på driftstilskotet registrerast (eksempla under gjeld ved 100 prosent stilling):
- 20 prosent driftstilskot - registrere som 0,8 årsverk
- 40 prosent driftstilskot - registrere som 0,6 årsverk
Ein skal registrere seg fullt ut med den spesialiteten ein har. Til dømes må ein kirurg melde inn 100 prosent kirurgi om han/ho jobbar 100 prosent, sjøv om han/ho ikkje står og opererer heile tida.
Korleis rekne ut ny sysselsetjing
Det er den gjennomsnittlege sysselsetjinga gjennom kalenderåret for verksemda som skal oppdaterast. Dette inneber at perioden med heilt eller delvis ute av drift skal trekkjast frå ny oppdatering. Normalt skal ein sysselsett i 100 prosent stilling registrerast med 1,0 årsverk.
Her følgjer nokre eksempel som viser korleis du reknar ut årsverk når grad av sysselsetjing er endra, eller du har vore nedstengd ein periode.
Eksempel 1: 100 prosent sysselsett og ute av drift i to månader
Om det normalt er sysselsett helsepersonell i 100 prosent stilling, og klinikken har vore heilt ute av drift i to månader, gjer du registreringa på følgjande måte:
Jobbar 10 av 12 månader for 2020: ((10 mnd. / 12 mnd.) * 1,0 årsverk)) = 0,83 årsverk
Eksempel 2: 50 prosent sysselsett og ute av drift i to månader
Om det normalt er sysselsett helsepersonell i 50 prosent stilling, og klinikken har vore heilt ute av drift i to månader, gjer du registreringa på følgjande måte:
Jobbar 10 av 12 månader for 2020: ((10 mnd. / 12 mnd.) * 0,5 årsverk)) = 0,42 årsverk
Eksempel 3: 100 prosent sysselsett og delvis ute av drift to månader 100 prosent
Om det normalt er sysselsett helsepersonell i 100 prosent stilling og det har vore 50 prosent aktivitet i to månader, gjer du registreringa på følgjande måte:
Jobbar 100 prosent stilling i 10 av 12 månader og 50 prosent i to månader:
((10 mnd. / 12 mnd.) * 1,0 årsverk + (2 mnd. / 12 mnd.) * 0,5 årsverk) = 0,91 årsverk
Eksempel 4: 80 prosent stilling og ute av drift to månader
Om det normalt er sysselsett helsepersonell i 80 prosent stilling og klinikken har vore ute av drift i to månader, gjer du registreringa på følgjande måte:
Jobbar 10 av 12 månader for 2020: ((10 mnd. / 12 mnd.) * 0,8 årsverk)) = 0,67 årsverk