Endring av forskrift 2013

Endring i «Forskrift om pasientskadelovens virkeområde og om tilskuddsplikt for den som yter helsehjelp utenfor den offentlige helsetjenesten» er vedteken.

Skriv ut Bokmål | English | 29. mars 2017

Endring av forskrift for privat helsepersonell blei vedteken 8.1.2013. Endringane tok til å gjelde 1.2.2013.

Nedanfor finn du ein kort omtale av endringane. Meir utfyllande informasjon om kvart punkt,  fristar, prisar og praktiske opplysingar finn du i "Forskrift om endring...", sjå lenkje i boks til høgre.

Unnatak frå tilskotsplikt
Organisasjonar og foreiningar som av og til syter for helsehjelp med små årsverksdelar i samband med arrangement, som idrettsarrangement og liknande, er unnateke frå å måtte betale tilskot til NPE.

Meldeplikt for endringar
Det er berre endringar i verksemda som skal meldast inn til NPE innan 1. februar. Dette gjeld endring i tal og samansetnad av helsepersonellgrupper og årsverk.

Sjå "Forskrift om endring..." for eigne fristar som gjeld melding om ny verksemd, opphøyr av verksemd og endring av adresse, telefon og annan kontaktinformasjon.

Tilskot - prisar
Prisane (tilskotssatsane) er endra i tråd med dei erfaringane ein har gjort i den perioden privat helseteneste har vore omfatta av ordninga. Tabellen viser berekna risikogruppe for helsepersonellgruppene og kva den årlege prisen vil bli.