Klage på tilskot

Helse- og omsorgsdepartementet fastset tilskotssatsane for dei enkelte helsepersonellgruppene i tråd med gjeldande forskrift. Her kan du lese meir om klageretten på fastsetjinga av tilskotet. 

Skriv ut Bokmål | English | 19. februar 2020

Er du ueinig eller har spørsmål til storleiken på tilskotet for verksemda, kan du kontakte oss på e-post eller på telefon (sjå kontaktinformasjon i boksen). 

Klage på tilskotet
Verksemdene kan klage på tilskotet. Klaga må sendast til oss for vurdering. Om vi ikkje finn grunn til å gjere om tilskotet, sender vi klaga vidare for behandling i Helseklage, som er klageinstansen vår. 

Vi gjer merksam på at tilskotet må betalast sjølv om avgjerda blir klaga inn.

Innplassering i helsepersonellgrupper
Det har vore spørsmål om korleis ulike helsepersonell skal innplasserast i dei enkelte gruppene som er bestemt i forskrifta. Det avgjerande er kva gruppe helsepersonell ein tilhøyrer, til dømes om ein høyrer inn under området kirurgi. Det er likevel ikkje avgjerande om ein opererer, eller kor stor del av arbeidet som består i å operere, jf. eksempelet under. 

Eksempel på klagesak som gjeld fastsetjing av tilskot
Spørsmål om fastsetjing av tilskot har vore oppe i Pasientskadenemnda (no Helseklage), der ei verksemd klaga på storleiken på tilskotet. NPE hadde rekna ut tilskotet basert på informasjon om tal innmelde årsverk av ulike grupper helsepersonell som var sysselsette i verksemda i aktuelle år.

Pasientskadenemnda var einig i korleis NPE hadde rekna ut tilskotet. Tilskotet for legar som har autorisasjon som kirurg, skulle reknast ut etter risikogruppa for kirurgar. Det var ikkje høve til å ta omsyn til at ein kirurg ikkje skulle gjere operasjonar i verksemda.

Pasientskadenemnda var einig i vurderinga til NPE at spesialistar i allmennmedisin skulle plasserast i gruppa «øvrige legespesialister». Klagaren meinte at skaderisikoen for denne gruppa helsepersonell burde samanliknast med legar som arbeidde med allmennmedisin, utan å ha spesialistgodkjenning. Pasientskadenemnda meinte det ikkje var grunnlag for NPE å fråvike innplasseringa i risikogrupper som var fastsette i forskrifta.      

Klage på fastsetjinga av tilskotet blei ikkje teken til følgje.