Kva dekkjer NPE?

Her finn du svar på dei mest vanlege spørsmåla om kva tilskotsordninga dekkjer.

Skriv ut Bokmål | English | 17. mars 2017

Kva dekkjer NPE? 
Vi er ansvarlege for pasientskadar der pasientar eller andre har hatt eit tap på grunn av ein pasientskade. Vi reknar ut erstatninga etter alminneleg erstatningsrett, men tap eller utgifter under 10 000 kroner eller oppreisingserstatning (erstatning for tort og svie) blir ikkje dekt under ordninga.

Treng ein ei tilleggsforsikring for å vere fullt dekt?
Det er ikkje lenger plikt for helsepersonell til å teikne eiga ansvarsforsikring.

Kva forsikring treng ein eventuelt i tillegg?
Du bør ha eiga ansvarsforsikring om du driv verksemd som tilbyr anna behandling enn det NPE-ordninga omfattar. Til dømes om du berre tilbyr alternativ behandling som ikkje kan reknast som yting av helsehjelp i samsvar med offentleg autorisasjon eller lisens. Men hugs at vi berre dekkjer ansvar for pasientskadar. Ei verksemd kan òg kome i ansvar utanfor behandlar/pasient-situasjonen. Verksemda treng dirfor òg ei meir generell ansvarsforsikring. Kombinerte forsikringsprodukt for mindre bedrifter inneheld ofte òg eit ansvarselement – der pasientskadar er haldne utanfor. Snakk med forsikringsselskapet ditt.

Er eg dekt av tilskotsordninga, òg i tida før eg har registrert meg hos NPE?
Verksemda di er ikkje dekt av tilskotsordninga før du har meldt inn og betalt pliktig tilskot. Du kan ettermelde og betale tilskot for tidlegare år. Du vil då vere dekt for desse åra, om det kjem nye erstatningskrav etter tidspunktet du registrerte deg, sjølv om skaden skjedde i åra før. Dei krava som alt er melde frå tidlegare år, vil ikkje vere dekt. Vi vil då krevje regress om det blir medhald og utbetaling i saka. Pasienten vil vere dekt av tilskotsordninga uansett.

Kva omfattar pasientskadelova - dekkjer ho berre pasienten?
Pasientskadelova dekkjer pasientar og andre som har lidd tap på grunn av pasientskade.

Omfattar ho skade på helsepersonell?
Pasientskadelova omfattar ikkje skade på helsepersonell.

Må skadevaldar betale eigendel ved skadar, der NPE tilkjenner erstatning?
Det er heimel i pasientskadelova for å innføre eigendelar i privat helseteneste. Dette er per dags dato ikkje gjort.