Nye tilskotssatsar for 2016

Frå og med 01.01.2016 aukar tilskotssatsane til NPE for aktørar i privat helseteneste. Du kan lese meir om dei nye satsane her.

Skriv ut Bokmål | English | 27. mars 2017

Bakgrunn for tilskotsordninga
Privat helseteneste blei ein del av pasientskadeordninga i 2009. Då blei det samstundes oppretta ei tilskotsordning for å dekkje kostnadane for pasientskadesaker frå dette området. Ordninga sikrar at pasientar som har fått ein skade etter feilbehandling, får den erstatninga dei har krav på. NPE behandlar erstatningskrava og administrerer tilskotsordninga.

Erstatningsordninga skal vere sjølvfinansierande
Aktørane i privat helseteneste skal dekkje kostnadane knytt til pasientskadesaker frå dette området fullt ut. Dei har plikt til å betale tilskot til NPE til dekning av alle framtidige kostnadar (saksbehandling, advokatbistand og eventuell erstatning), knytte til skadar som måtte ha skjedd i det aktuelle året. Det kan gå fleire år før alle skadar som har skjedd i eit bestemt år er ferdig behandla. Difor er det nødvendig å ha eit fond med tilstrekkeleg kapital for å dekkje framtidige forpliktingar.

Tilskotssatsane er utrekna mellom anna ut frå kor ofte skade skjer, skadeomfanget og erstatningsutbetalingar innanfor ulike helsepersonellgrupper.

Oppdaterte tilskotssatsar frå 1. januar 2016
Helse- og omsorgsdepartementet har fastsett nye tilskotssatsar for privat helseteneste. Endringane er gjorde for å sikre at det er tilstrekkeleg kapital i fondet for å dekkje utgiftene til pasientskadesakene frå dette området.

Satsane gjeld frå 01.01.2016 og blir lagde til grunn for fakturering av tilskot i 2016.

Vi minner om at alle nye verksemder i privat helseteneste har plikt til å registrere seg i NPE. Fristen for å registrere seg eller å melde eventuelle endringar for verksemder som alt har registrert seg, er 01.02.2016.