Regresskrav ved manglande innbetaling av tilskot

Verksemder som yter helsehjelp utanfor den offentlege helsetenesta skal melde frå og betale tilskot til NPE for det helsepersonellet som er sysselsett i verksemda. Om ein ikkje gjer det, kan verksemda risikere å måtte betale utbetalt erstatningssum og kostnadar.

Skriv ut Bokmål | English | 17. mars 2017

Plikta til å melde frå og betale tilskot er heimla i lov om erstatning ved pasientskadar (pasientskadelova) § 8 fyrste ledd. Den som let vere å melde frå eller betale tilskot til NPE kan straffast med bøter eller fengsel inntil 3 månader, sjå tredje ledd i same regel. Slike reaksjonar kan ein òg få om ein gir feil opplysingar slik at ein betalar for lågt tilskot.

Etter § 4 tredje ledd i pasientskadelova kan vi fremje regress mot den som har unnlate å betale tilskot. Gir vi medhald i ei pasientskadesak for ein skade som er valda i ei verksemd som det ikkje er betalt tilskot for, kan vi fremje krav om å få dekt utgiftene til behandling av erstatningskravet. Det betyr at vi kan krevje regress frå den ansvarlege verksemda, både for erstatningssummen vi har utbetalt og utgiftene til å saksbehandle kravet, sjå § 6 tredje ledd i "Forskrift om pasientskadelovens virkeområde og om tilskuddsplikt for den som yter helsehjelp utenfor den offentlige helse- og omsorgstjenesten."

Om ei verksemd betalar inn manglande tilskot for tidlegare år, vil ho vere dekt for framtidig melde krav for skadar som har skjedd dei aktuelle åra. Men har vi alt fått meldt ei sak kan det vere grunnlag for å krevje regress for denne saka, sjølv om ein seinare betalar uteståande tilskot.

Vi har fremja regresskrav i fleire saker. Vi vil jamleg fremje slike krav i tilfelle der vi får meldt pasientskadar der skadevaldande verksemder ikkje har betalt tilskot for det aktuelle skadeåret. Om ein ikkje gjer opp for regresskravet, vil vi sende kravet til Statens innkrevingssentral for innkrevjing.