Sjekkliste for oppdatering og utmelding

Er du usikker på korleis du skal gå fram for å oppdatere informasjonen om verksemda di? Her finn du ei oversikt over kva du treng å gjere, og lenker til skjema du skal bruke. Fristen for å oppdatere informasjonen er 1. februar. Faktura for 2020 blir send ut i byrjinga av mars.

Skriv ut Bokmål | English | 5. februar 2020

Endringar i årsverk, helsepersonellgrupper eller kontaktopplysingar?

Er du usikker på kva opplysingar NPE har om verksemda di, opnar du eit nytt skjema i lenka over. Har du ingen endringar, treng du ikkje sende inn på nytt. Oppføringa blir overført automatisk og fakturaen for i år blir rekna ut på dette grunnlaget.

Endringar i adresser?

Endringar i organisasjonsform frå 2020?

Ikkje tilskotsplikt lenger, blitt tilsett eller avslutta praksis?

  • Då må du melde ut verksemda di i dette skjemaet. Om utmeldinga skal gjelde for heile 2020, bruk dato 01.01.2020.

Har du spørsmål?

Send e-post til npeprivat@npe.no og vi svarar deg så fort vi kan.