Utsett betalings- og oppdateringsfrist for privat helseteneste

På grunn av koronaviruset har det oppstått utryggleik knytt til sysselsetjinga i verksemder som er melde inn i tilskotsordninga, og tilskotet som blir betalt til NPE. Vi har difor vedteke å utsetje betalings- og oppdateringsfristen på nytt til 1. september.

Skriv ut Bokmål | English | 18. mai 2020

Oppdatering av sysselsetjing

Fordi mange verksemder har stengt heilt eller delvis ned ein periode, er det vedteke at alle verksemder kan oppdatere storleiken på sysselsetjinga for kalenderåret 2020 på nytt innan 1. september.

Dette må gjerast i skjema på Altinn.no. Du finn meir informasjon i lenkeboksen.

Verksemder som situasjonen ikkje får verknad for treng ikkje å gjere noko.

For mykje innbetalt tilskot

Om verksemda allereie har betalt inn tilskot og har trong for å oppdatere sysselsetjinga, er det viktig å oppdatere kontoinformasjon ved å sende inn nye opplysingar i Altinn-skjemaet. Har du lagt inn rett kontoinformasjon, betalar vi automatisk tilbake det du har betalt inn for mykje.

Korleis rekne ut ny sysselsetjing

Det er den gjennomsnittlege sysselsetjinga gjennom kalenderåret for verksemda som skal oppdaterast. Dette inneber at perioden med heilt eller delvis nedstenging skal trekkjast frå ny oppdatering. Normalt skal ein sysselsett i 100 prosent stilling registrerast med 1,0 årsverk.

Her følgjer nokre eksempel som viser korleis du reknar ut årsverk når grad av sysselsetjing er endra, eller du har vore nedstengd ein periode.

Eksempel 1: 100 prosent sysselsett og nedstengd i to månader

Om det normalt er sysselsett helsepersonell i 100 prosent stilling, og klinikken har vore heilt nedstengd i to månader, gjer du registreringa på følgjande måte:

Jobbar 10 av 12 månader for 2020: ((10 mnd. / 12 mnd.) * 1,0 årsverk)) = 0,83 årsverk

Eksempel 2: 50 prosent sysselsett og nedstengd i to månader

Om det normalt er sysselsett helsepersonell i 50 prosent stilling, og klinikken har vore heilt nedstengd i to månader, gjer du registreringa på følgjande måte:

Jobbar 10 av 12 månader for 2020: ((10 mnd. / 12 mnd.) * 0,5 årsverk)) = 0,42 årsverk

Eksempel 3: 100 prosent sysselsett og delvis nedstenging to månader 100 prosent

Om det normalt er sysselsett helsepersonell i 100 prosent stilling og det har vore 50 prosent aktivitet i to månader, gjer du registreringa på følgjande måte:

Jobbar 100 prosent stilling i 10 av 12 månader og 50 prosent i to månader:

((10 mnd. / 12 mnd.) * 1,0 årsverk + (2 mnd. / 12 mnd.) * 0,5 årsverk) = 0,91 årsverk

Eksempel 4: 80 prosent stilling og nedstengd to månader

Om det normalt er sysselsett helsepersonell i 80 prosent stilling og klinikken har vore heilt nedstengd i to månader, gjer du registreringa på følgjande måte:

Jobbar 10 av 12 månader for 2020: ((10 mnd. / 12 mnd.) * 0,8 årsverk)) = 0,67 årsverk

Ny faktura

Når verksemda sender ny og oppdatert informasjon til oss, vil vi skrive ut ny og oppdatert faktura. Vi sender kreditnota som utliknar den opphavelege fakturaen.