Behandling i utlandet

Om nordmenn på reise i utlandet får ein skade når dei blir behandla for ein sjukdom, kan dei ikkje søkje om erstatning frå NPE. I utgangspunktet skal krav om erstatning etter skade rettast direkte mot behandlingsstaden.

Nordiske erstatningsordningar

Skriv ut Del 16. september 2016

Nynorsk versjon

Del artikkel på startsiden

Dersom behandlinga blir utført i eit av dei nordiske landa, kan pasienten søkje om erstatning gjennom det aktuelle landet si erstatningsordning.

Unntak
Pasientskadelova dekkjer berre utanlandske sjukehus og legar dersom det offentlege på førehand har inngått avtale med behandlingsstaden om kjøp av tenester. Eit eksempel er når pasientar blir sende til utlandet som eit resultat av ventelistegaranti. Det same er tilfelle dersom behandlinga i utlandet er dekt gjennom regionalt helseføretak og grunngitt med manglande kompetanse i Noreg.

Korleis går eg fram?
NPE behandlar saka dersom ho fell innanfor ordninga. NPE kan også gi deg rettleiing om korleis ein skal gå fram dersom behandlinga er utført i  eit av dei nordiske landa. Om behandlinga var utført i eit anna land, må du sjølv kontakte staden du fekk behandlinga.

Når nordmenn på eige initiativ dreg på helsereiser til private klinikkar i utlandet for behandling, er dei altså ikkje dekte av NPE-ordninga.