– Dei viktigaste møta vi har

NPE har eit klart mål om å vere ein brukarorientert etat, som skal leggje til rette for ein god dialog med brukarane våre. Difor har vi jamlege møte med fleire ulike brukarorganisasjonar og brukarar.

Frå møte med «Sammen for et bedre NPE» i 2016.

Skriv ut Del 10. november 2016

Del artikkel på startsiden

– Dette er nokre av dei viktigaste møta vi har. Desse organisasjonane og brukarane sit på informasjon og erfaringar som er svært relevante og nyttige for oss i arbeidet vårt for å bli betre, seier Rolf Gunnar Jørstad, direktør i NPE. 

I år har vi mellom anna hatt møte med Norsk Pasientforening, Personskadeforbundet LTN, og gruppa «Sammen for et bedre NPE». Vi var òg med på det årlege Pasient- og brukarombodseminaret.

Nyttige tilbakemeldingar
25. april hadde vi møte med «Sammen for et bedre NPE», som er ei gruppe med erstatningssøkjarar som jobbar for ei betre saksbehandling og brukaroppleving i NPE.

Gjennom møte med denne gruppa har vi fått mange nyttige tilbakemeldingar. Mellom anna har vi fått høyre at brukarane syntest det var vanskeleg å få tilgang til saksdokument i eiga sak. Etter dette gjorde vi endringar i rutinane, som gjorde at det no er enklare for erstatningssøkjarar å få tilgang og innsyn i eiga sak.  

Møte med Personskadeforbundet LTN
9. juni hadde vi møte med Personskadeforbundet. Det er ein frivillig medlemsorganisasjon som mellom anna rettleier medlemar som har saker til behandling i NPE.  Assisterande generalsekretær i Personskadeforbundet, Per Oretorp, fortel at dei set pris på at NPE ynskjer å halde jamleg kontakt, og håpar erfaringane medlemane har, kan bidra til kvalitetsarbeidet i NPE.

 – På denne måten kan pasientar i endå større grad kjenne seg trygge på at sakene deira blir behandla på ein god måte, og at dei heile tida opplever saksbehandlinga som ryddig og korrekt, fortel Oretorp.

Brukarane kjenner oss best
Vidare framover ynskjer vi å ha fleire møte med brukarar og brukarorganisasjonar.
 – Det er ingen tvil om at møta med brukarar er verdfulle for oss. Tilbakemeldingar og innspel vi får, bidreg i arbeidet for å bli betre og utvikle NPE vidare. Brukarane er jo nokre av dei som kjenner NPE aller best, avsluttar Jørstad.