-Vi ynskjer betre samtale med brukaren

Ein god dialog med brukarane er viktig for NPE. Difor skal alle saksbehandlarane våre gjennom eit kommunikasjonskurs komande halvår.

Tre av deltakarane frå første runde med kommunikasjonskurs for saksbehandlarar.

Skriv ut Del 21. oktober 2015

Del artikkel på startsiden

Målet med kursa er at saksbehandlarane våre skal bli betre og klarare i samtalen med dykk som er erstatningssøkjarar, anten det er over telefon eller i møte.

Kursing er viktig     
Vi ynskjer at de som brukarar skal ha ei trygg og god oppleving hos oss. I strategien vår for 2015-2017 er eit av måla våre: «Saksbehandlerne skal være trygge i sin kommunikasjon, vise forståelse for pasientens situasjon og bruke aktiv dialog som et viktig redskap i saksbehandlingen». Dersom vi skal lukkast med denne målsetjinga, treng vi øve og utvikle oss.

Gode tilbakemeldingar
Den første gruppa av saksbehandlarar har vore gjennom kurset, og er svært nøgde med ei slik form for øving. For dei er dette ein grunnleggjande del av arbeidskvardagen. Jamleg øving og kursing er viktig for å sikre god saksbehandling, og for at de som er brukarar skal få ei betre oppleving når de er i kontakt med oss i NPE. Vi held fram kursinga utover nyåret. Alle som jobbar med saksbehandling hos oss skal gjennom kurset.