Få saker om flåttbit hjå NPE

I perioden frå 2001 og fram til i dag har Norsk pasientskadeerstatning (NPE) behandla 54 saker saker som gjeld for sein eller feil behandling av borrelia/borreliose. Det er gjeve medhald i sju tilfelle, medan 47 saker er avslegne.

Skriv ut Del 30. september 2013

Nynorsk versjon

Del artikkel på startsiden

Sju medhald
Det er gjeve medhald til fire pasientar for for sein diagnose av borrelia/borreliose, medan tre pasientar har fått medhald fordi dei ikkje har fått rett behandling av borrelia/borreliose som var påvist.

Ikkje feilbehandling
I avslaga er det flest saker der pasienten meiner at plager og sjukdom har oppstått eller vorte verre etter for sein diagnose og behandling av borrelia/borreliose. NPE si vurdering i desse sakene er at pasientane har fått behandling i tråd med gjeldande retningsliner, og at plagene til pasientane ikkje skuldast feilbehandling. Desse pasientane har difor ikkje rett til skadebot.

Få innmelde saker
-Desse tala viser at det er svært sjeldan pasientar melder inn saker med denne problemstillinga, seier kommunikasjonssjef Øydis Ulrikke Castberg. – Med så lite talmateriale er det vanskeleg å trekkje nokon klåre konklusjonar. Men NPE har konkludert med at pasientane som har fått medhald ikkje har fått den behandlinga dei har krav på, noko som har ført til unødige plager og sjukdom for desse sju pasientane, seier Castberg.

Her følgjer anonymiserte resymé på to medhaldsaker det siste året:

Medhaldsak 1:
Mann i 50-åra tok kontakt med legevakt for insektstikk i høgre skulder. Legen bestemde seg for å vente med behandling, då ein meinte at utslettet var ein reaksjon på eit stikk som ville gå over. Pasienten var hjå fastlegen to veker seinare. Fastlegen oppfatta plagene som relatert til eit stikk eller mogleg hudinfeksjon. Pasienten vart undersøkt på ny fire dagar seinare på grunn av smerter og verking, og vart diagnostisert med herpes zoster (hudinfeksjon) og fekk behandling for dette. Pasienten vart lagd inn på sjukehus ei veke seinare med aukande smerter då smertestillande mot hudinfeksjonen ikkje hjelpte. Dei neste to vekene var pasienten i kontakt att med legekontoret på grunn av aukande smerter, og han vart tilvist poliklinikk der han vart undersøkt to veker seinare. Prøver viste funn i spinalvæska som kunne sameinast med borreliainfeksjon og pasienten vart behandla med antibiotika og vart monaleg betre, men har framleis leddplager i kne, hofte og fingrar.

NPE si vurdering: Diagnostiseringa hjå legevakt og fastlege har vore i tråd med medisinske retningsliner. Likevel burde pasienten, med tanke på den aktuelle sjukehistoria, ha vore spinalpunktert den fyrste gongen han var lagd inn på sjukehuset. For sein spinalprøve har ført til for sein igangsetjing av relevant behandling og at pasienten dermed har plager lenger enn naudsynt. Pasienten har fått medhald og er tilkjend skadebot.

Medhaldsak 2:
Kvinne i 60-åra kontakta fastlege på grunn av forandring av huda i venstre knehase. Det vart teke blodprøver men ikkje gjeve nokon behandling. Pasienten tok kontakt att med fastlegen dei neste månadene av ulike årsaker og vart tilvist til nevrologisk avdeling tre månader seinare på grunn av plager med venstre fot. Fastlegen har notert i journalen at pasienten sjølv mistenkte flåttbit. Symtombiletet varierte, og det var òg mistanke om isjias på grunn av funn på MR. Eitt år seinare vart det påvist nevroborreliose og pasienten fekk behandling for dette.

NPE si vurdering: Då pasienten kontakta fastlegen for kløande utslett i knehasen burde det ha vore utført blodprøve med tanke på borreliose, då pasienten sjølv mistenkte flåttbit. Vidare burde sjukehuset ha utført supplerande diagnostikk etter MR- undersøkinga, då pasienten sine symptom ikkje var i samsvar med isjiasplager. Hadde dette vore gjort kunne diagnosen vore stilt eitt år tidlegare. Ei tidlegare behandling ville ha hindra utvikling av nevroborreliose med utvikling av hovudsmerter og vedvarande trøyttleik. Pasienten har fått medhald og er tilkjend skadebot.

Her følgjer anonymiserte resymé på to avslagsaker det siste året:

Avslagsak 1:
Gut 17 år vart lagd inn på sjukehus med uklåre nevrologiske symptom som m.a. ufrivillege rørsler. Han låg på sjukehuset til utgreiing i 10 dagar og det vart teke ei rekkje prøver, m.a. spinalpunksjon. Han vart lagd inn på ny etter to dagar på grunn av anfall med kramper. Det vart gjort endå fleire undersøkingar og to dagar seinare fekk pasienten antibiotikabehandling på grunn av mogleg borreliose. Etter tre veker med antibiotikabehandling hadde pasienten framleis uklåre nevrologiske symptom, men ein heldt fram med antibiotikabehandlinga sjølv om det ikkje var påvist nokon sikker samanheng mellom borreliainfeksjonen og plagene. Det vart gjort fleire konsultasjonar og undersøkingar med tverrfagleg utgreiing. Ny vurdering vart gjort månaden etter og pasienten fekk etter kvart utvida antibiotikabehandling. Pasienten viste betring etter ny antibiotikabehandling ca. eit halvt år seinare, men han er framleis ikkje heilt frisk.

NPE si vurdering: I denne saka vart det lagt til grunn at utgreiing og behandling har vore i tråd med vanlege prinsipp og retningsliner. Pasienten hadde uklåre nevrologiske symptom, og det vart gjort grundige og omfattande utgreiingar av desse, både med tanke på borreliose og alternative forklaringar på det uklåre symptombiletet hans. Antibiotikabehandling vart gjeve på rett måte på grunn av ein mogleg borreliainfeksjon. Pasienten har fått avslag på kravet sitt om skadebot.

Avslagsak 2:
Kvinne i 50-åra vart tidlegare vurdert for flåttbit på grunn av eit rundt utslett på huda. Pasienten vart behandla med penicillin for dette. To år seinare kontakta ho legesenter då ho var kjenslevar for lys, trøytt og svimmel. Ho vart då tilvist til utgreiing og det vart teke blodprøver utan at ein kunne stilla sikker diagnose. Ho vart vidare tilvist til spinalpunksjon, som ikkje gav haldepunkt for borreliainfeksjon i sentralnervesystemet. Pasienten har seinare fått antibiotikakurar med forbigåande effekt.

NPE si vurdering: Det har ikkje vore svikt i diagnostikken og utgreiinga har følgt vanlege medisinske retningsliner. Det vart ikkje funne haldepunkt for å stille diagnosen nevroborreliose, og det var dermed ikkje grunnlag for å gje antibiotikabehandling på eit tidlegare tidspunkt. Pasienten har fått avslag på kravet sitt om skadebot.