Klart språk

NPE har jobba med fleire språktiltak gjennom lenger tid. No sender vi heile organisasjonen på Klarspråkkurs.

Språkrådet

Det er eit viktig kvalitetskrav å kunne skrive eit klart og presist språk som alle målgrupper forstår

Skriv ut Del 11. mars 2016

Del artikkel på startsiden

Tillit til statlege verksemder avheng av kor gode tenester dei leverer, korleis dei kommuniserer, og kor opne, imøtekomande og brukarorienterte dei blir oppfatta å vere. I kommunikasjonspolitikken til staten er eit av hovudpunkta at statlege etatar skal bruke eit godt og klart språk som alle kan forstå.

-NPE er ein etat med mykje direkte brukarkontakt. Vi ynskjer at alle tilsette skal ha eit bevisst forhold til språket og sikre at vi skriv gode, forståelege tekstar både i brev, på nett og i skjema og rapportar. Difor sender vi no hele organisasjonen på kurs, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad.

Statens vegvesen vann Statens klarspråkspris 2012. Grunngjevinga til juryen er mellom anna at «Statens vegvesen har satt i gang og gjennomført tiltak og prosjekt med tydelig entusiasme og skapt glød og begeistring i hele organisasjonen. Klarspråkarbeidet er solid forankret på alle nivåer i organisasjonen, og vinneren har klart å integrere klarspråkarbeidet i den daglige driften på en forbilledlig måte».

NPE inviterte kommunikasjonsdirektør i Statens vegvesen, Sissel Faller til eit lunsjmøte med alle leiarane. Ho fortalde om det arbeidet dei har gjort og resultata dei har oppnådd. Faller meiner at klart språk er ei haldning meir enn ein skrivestil, og ein føresetnad for å nå gjennom i samfunnet i dag.

Vidar Lynghammar frå Arkitekst AS skal halde kursa for dei tilsette og dei blir gjennomførte i mai og august i år.