Læring i Helse Vest

Vi veit at mange av erstatningssøkjarane våre har eit ynskje om å bidra til at same skade ikkje skjer på nytt. Difor var det særleg spennande for oss i NPE å få presentert korleis Helse Vest og Helse Bergen konkret jobbar med å lære av sakene våre.

direktør i NPE Rolf Gunnar Jørstad, direktør i Helse-Bergen Stener Kvinnsland og styreleder i NPE Haavard Ingvaldsen

Skriv ut Del 3. oktober 2014

Del artikkel på startsiden

Besøk på Haukeland universitetssjukehus
19. september var styret og leiinga i NPE på besøk på Haukeland universitetssjukehus. I møtet fekk vi høyre om det regionale pasienttryggleiksprogrammet i Helse Vest og om kvalitets - og pasienttryggleiksarbeidet i Helse Bergen. Vi fekk òg ei innføring i to regionale prosjekt innanfor ortopedi og trygge fødslar, som baserer seg på NPE-materiale.

NPE er ein medspelar
- NPE er medspelaren vår i kvalitetsarbeidet, sa direktør for Helse Bergen, Stener Kvinnsland under møtet. Det er styreleiar Haavard Ingvaldsen og direktør i NPE Rolf Gunnar Jørstad svært fornøgde med:

– Det er veldig interessant å høyre korleis Helse Vest og Helse Bergen spesifikt jobbar med sakene til NPE i arbeidet med å gjere helsetenestene tryggare, seier Ingvaldsen.

Jørstad supplerer: - Det var veldig nyttig for oss å få innblikk i kvalitetsarbeidet i Helse Vest og i Helse Bergen, ikkje minst fordi vi har ein god dialog med både det regionale helseføretaket og Helse Bergen om bruk av erfaringsdatabasen til NPE i slike prosjekt.

- Det er spennande å høyre nærare om status knytt til prosjekta innanfor ortopedi og fødslar, og eg ser fram til eit vidare samarbeid med både Helse Vest og Helse Bergen i tida som kjem, venteleg òg knytt til nye prosjektområde som gastrokirurgi og kreft, avsluttar han.