Manglande kvalifikasjonar fører til fødselsskadar

I saker der Norsk pasientskadeerstatning (NPE) har gjeve skadebot fordi det har skjedd feilbehandling under fødsel, er manglande kvalifikasjonar hjå fødselshjelparen den vanlegaste årsaka til skade. Det viser ein analyse av NPE sitt materiale som vert publisert i det internasjonale tidsskriftet Acta Obstetricia et Gynecologica Scandinavica om kort tid.

Skriv ut Del 8. april 2016

Nynorsk versjon

Del artikkel på startsiden

Stipendiat Stine Andreasen har i samarbeid med professor Pål Øian gått gjennom 278 saker der NPE i perioden 1994 - 2008 har innvilga skadebot i samband med fødselshjelp. Prosjektet er eit resultat av eit samarbeid mellom NPE og Norsk gynekologisk forening med siktemål å lære av skadebotsaker. Av dei 278 sakene var det 193 skadar på born og 87 skadar på mor (to saker handlar om skade på både barn og mor). Totalt er det utbetalt 1,3 milliardar kroner i skadebot til born, mødre og pårørande pga. skade som har skjedd under fødsel.

- Vi fann at den vanlegaste årsaka til skade var manglande kvalifikasjonar hjå fødselshjelparen, uttalar Stine Andreasen, som til dagleg arbeider ved Kvinneklinikken på Haukeland sykehus. - Dette gjaldt både spontane fødslar og fødslar med vakuum/tang eller keisarsnitt. Ofte var det mangelfull overvaking av fosterlyden under fødsel, eller feiltolking av overvakinga av fosteret. I fleire tilfelle vart meir kvalifisert personell ikkje tilkalla trass i at situasjonen kravde det, dette gjaldt både jordmor og lege i spesialisering, opplyser Andreasen.

Trass i skriftlege retningsliner, fann ein i nokre tilfelle at ein ikkje følgde desse. Systemsvikt i form av t.d. manglande retningsliner og dårleg organisering av avdelinga vart registrert i under seks prosent av medhaldssakene.

- Vi meiner at lærdomen vi kan trekkje av denne studien er at norsk fødselshjelp må fokusere meir på systematisk arbeid når det gjeld å tilegne seg kunnskap om fosterovervaking, trening på akutte alvorlege hendingar i fødselshjelpa, samhandling mellom involverte grupper av helsepersonell, betre retningsliner og gjennomgang av saker der svikt har skjedd, seier professor i fødselshjelp Pål Øian.

- Eg tykkjer det er viktig at materialet vårt kan bidra til å setje lyset på område som kan gjerast betre innafor fødselshjelpa, seier assisterande direktør i NPE Rolf Gunnar Jørstad i ein kommentar til studien. - Fødselsskadar som skuldast feilbehandling kostar samfunnet store summar. I tillegg kjem sjølvsagt dei personlege lidingane for dei skadelidne og deira næraste, avsluttar Jørstad.