NPE sin nye rapport med statistikk for dei regionale helseføretaka

NPE har no publisert den årlege rapporten sin med statistikk for dei fire regionale helseføretaka. Rapporten viser statistikk for femårsperioden 2007-2011 og vert gitt ut for å bidra til arbeidet med kvaliteten i spesialisthelsetenesta. – Det er viktig at vi stiller statistikken for helseregionane saman, slik at dei regionale helseføretaka og sjukehusa kan bruke denne i arbeidet sitt med å betre tryggleiken for pasientane, seier assisterande direktør Rolf Gunnar Jørstad.

Rolf Gunnar Jørstad

Rapport

Denne årlege statistikken er eit viktig bidrag frå oss i NPE til arbeidet med kvaliteten på sjukehusa

Skriv ut Del 30. september 2013

Nynorsk versjon

Del artikkel på startsiden

Omfattande innhald
Rapporten viser statistikk for femårsperioden 2007-2011. Tala er presenterte per helseregion og fordelte på dei aktuelle helseføretaka. Oversiktene er valde på bakgrunn av det som helseføretaka vender seg hyppigast om til NPE. I tillegg har vi gått meir i djupet på to utvalde tema; skadar ved fødsel og skadar som har oppstått i samband med anestesi.

Over tre milliardar kroner utbetalt i femårsperioden.
Rapporten viser at NPE har teke imot 14 510 krav om skadebot og fatta vedtak i 13 051 saker. 4546 pasientar og pårørande har vorte tilkjent skadebot, og det er utbetalt i overkant av tre milliardar kroner. Talet på mottekne saker som gjeld dei regionale helseføretaka står då for 74 prosent av det samla talet på saker som NPE har teke imot i den same perioden, og utbetalingane utgjer 83 prosent av dei samla utbetalingane.

Kastar lys på områder for betring
Vi tykkjer det er viktig at materialet vårt kan bidra til å setje søkjelyset på områder der spesialisthelsetenesta kan verte betre, seier assisterande direktør Jørstad. –Pasientskadar som kjem av feilbehandling kostar samfunnet, medrekna sjukehuseigarane, store summar. I tillegg kjem sjølvsagt dei personlege lidingane for dei skadelidne og deira næraste, påpeikar Jørstad.

Viktig bidrag til arbeidet med tryggleiken for pasientane
I arbeidet med betra tryggleik for pasientane har sjukehusa mange kjelder og bidrag. – Vi opplever at sjukehusa og helseregionane også brukar vårt materiale i arbeidet med kvaliteten, og denne årlege statistikken er eit viktig bidrag frå oss i NPE i denne samanhengen, avsluttar Jørstad.