Nordisk leiarmøte

Tolvte nordiske leiarmøte
Dette var det tolvte nordiske møtet i rekka sidan svenskane tok initiativ til slike årlege møter og var vertskap for det første i 2003. Ansvaret for møta går på rundgang, og i år var det Noreg sin tur igjen, for tredje gong.
Fem hovudtema
Utanom ein bolk der landa oppdaterer kvarandre på viktige ting som har skjedd i organisasjonane sidan sist vi møttest, var fem hovudtema oppe på møtet:
- Leiing og verksemdsutvikling
- Kommunikasjon
- Aktuelle juridiske emner
- Aktuelt i arbeidet med pasienttryggleik
- IT-nytt
Brukarorientering i mange land
- Det var særleg spennande å observere at fleire av naboane våre jobbar aktivt med overordna strategiske spørsmål, og at vi på ingen måte er åleine om å fokusere mykje på brukarorientering og kommunikasjon på mange plan, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad.
Elektronisk kommunikasjon med brukarane
Både i Sverige, Danmark og Island er dei komne langt i å kommunisere elektronisk med brukarane.
Dei danske kollegaene våre har tilbydd elektronisk skademelding sidan mars 2013. Frå mai i år tilbyr den svenske ordninga elektronisk skademelding og gir søkjaren moglegheit til å følgje saka si elektronisk gjennom «Mina Sidor».
I september vil den islandske ordninga ha klart eit tilsvarande tilbod for erstatningssøkjarane sine . For NPE sin del startar testing av elektronisk skademelding i haust.
Godt samarbeid på tvers
Kvart år gir dei nordiske møta moglegheit for gode diskusjonar og samtalar til ettertanke.
Mellom anna møtte fagsjefane for pasienttryggleik i Sverige, Danmark og Noreg kvarandre på møtet, og dette er starten på eit nytt og spennande samarbeid om bruk av erfaringar frå ordningane våre med tanke på skadeførebyggings- og pasienttryggleiksarbeid.