Nordisk møte i Stockholm

28. til 30. august var leiargruppene i dei nordiske erstatningsordningane samla til årleg treff, denne gongen i Stockholm.

Skriv ut Del 12. september 2013

Del artikkel på startsiden

Frå NPE deltok direktør Rolf Gunnar Jørstad, avdelingsdirektør Anne-Mette Gulaker, avdelingsdirektør Marit Stene Myrvåg, avdelingsdirektør Jan Storvik og kommunikasjonssjef Øydis Castberg.

Tett og godt program
Vertane våre i Patientförsäkringen LÖF hadde sett saman eit tett og godt program der ulike tema som «Pasienttryggleik», «Leiing og verksemdsutvikling», «Kommunikasjon og etikk», «IT- nyhende» og «Aktuelle juridiske spørsmål» vart diskuterte.

Stort utbyte av å dele erfaringar
Trass i at det er enkelte openberre skilnader mellom ordningane, er det framleis slik at alle dei nordiske ordningane står overfor mange av dei same utfordringane i høve til behovet for effektivisering, brukarkontakt, utvikling av organisasjonen, IKT-system osv. Vi har difor eit stort utbyte av å treffast jamleg på denne måten, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad.

Relevante presentasjonar
Kvart land presenterer saker under kvart tema, som kan vere relevante for dei andre landa. Her er nokre av programpostane:

Godt samarbeid
Som vanleg på desse samlingane er det òg mykje annan spanande erfarings- og meiningsutveksling under konferansen. Det nordiske samarbeidet går òg føre seg gjennom heile året. Som eit døme kan nemnast den gode dialogen mellom den finske pasientskadeordningen, den svenske legemiddelforsikringen og NPE om handteringa av Pandemrix-sakene.