Pandemrix: 60 personar har fått erstatning

60 erstatningssøkjarar som har fått ein skade etter å ha vorte vaksinert med Pandemrix mot svineinfluensa, har til no fått medhald av NPE.

Skriv ut Del 16. august 2013

Del artikkel på startsiden

60 medhald
Per 12. august har NPE teke i mot totalt 363 saker som gjeld skade etter pandemrixvaksinen. I 60 av desse har pasientane fått medhald i at dei har krav på erstatning. 46 av sakene gjeld born og unge som har fått narkolepsi som følgje av vaksinen.

Resten av sakene der NPE har gjeve medhald, gjeld vaksne personar. Fem saker gjeld narkolepsi, tre saker handlar om plager etter sjølve sprøytestikket, fire personar har fått nevrologiske skader, ein person har utvikla Guillain-Barré syndrom, ein person har utvikla ein tilstand av trøttleik og ein person har fått ME etter vaksineringa.

Millionutbetalingar
Til no er det utbetalt over 62 millionar kroner i erstatning i desse sakene. Mange av sakene er ikkje ferdig behandla når det gjeld erstatningssummen, og NPE ventar å gjere endå fleire utbetalingar i mange av sakene.

Avslag
Det er gjeve avslag i 177 saker, der NPE ikkje har funne at det er ein samanheng mellom vaksinen og plagene pasienten opplever. Det er tretten saker som er lagt bort eller avviste. Desse sakene dreiar seg stort sett om at det ikkje er eit økonomisk tap i samband med ein eventuell skade (ein må ha eit økonomisk tap eller eit varig mein for å kunne få erstatning).

Framleis uavklarde saker
Av dei i alt 363 sakene er det 113 saker som framleis er under behandling. Det er grunn til å tru at det vil kome fleire medhald.