Pandemrix: Mange melde saker og store utbetalingar

I løpet av 2013 har talet melde saker som dreier seg om svineinfluensavaksinen Pandemrix stige til 408. Totalt har 80 erstatningssøkjarar fått medhald i at dei har krav på erstatning, og det er utbetalt over 73 millionar kroner i erstatningar.

Direktør i NPE Rolf Gunnar Jørstad.

Skriv ut Del 16. januar 2014

Del artikkel på startsiden

-Vi reknar med at vi vil gi fleire medhald i tida framover og det er sikkert at vi kjem til å utbetale endå meir i erstatningar. Vi er enno ikkje ferdige med å fastsetje storleiken på erstatningsbeløpet i mange av desse sakene, seier Rolf Gunnar Jørstad.

Prioritert saksbehandling

Det er no meldt inn 408 saker frå heile landet. I desse sakene er det gitt 80 medhald, 222 saker er avslått, 12 saker er lagde bort og 94 saker er under utgreiing for å avklare om vi skal gi erstatning. – Desse sakene er prioriterte hos oss, men det tek nødvendigvis noko tid å greie ut kvar einskild sak. Framleis vert det meldt saker som gjeld verknader av Pandemrix-vaksinen til oss, seier Jørstad.

Medhaldssakene

Totalt 57 av medhaldssakene gjeld born og unge opp til 20 år, medan dei andre 23 medhaldsakene gjeld vaksne. 56 av medhaldssakene mellom born og unge gjeld narkolepsi, medan det er ti vaksne som har fått narkolepsi etter vaksinasjonen. Nevrologiske sjukdomar, som til dømes ME, skadar etter stikket, lidingar etter betennelse i ryggmargen og tap av synet er nokre av skadane i dei andre medhaldssakene.

-Dei fleste som er tilkjende erstatning etter vaksineringa med Pandemrix har utvikla narkolepsi. Dette er ein alvorleg sjukdom som dei truleg må leve med resten av livet. Erstatninga skal dekkje utgifter, inntektstap og tapt livsutfalding som denne sjukdomen fører til for den einskilde, fortel Jørstad vidare.

Store utbetalingar

Det er utbetalt over 73 millionar kroner i erstatning så langt. Erstatningssummane varierer frå 5000 kroner til millionbeløp til born som er alvorleg ramma av narkolepsi. – Mange av sakene er ikkje ferdig behandla når det gjeld endeleg erstatningssum, så vi kjem òg til å betale ut erstatningar i 2014 og nok òg neste år, seier Jørstad. –I fleire av sakene der born og unge har utvikla narkolepsi, ser vi at utbetalingane vert store, nettopp fordi erstatninga skal dekkje dei økonomiske konsekvensane av at dei må leve med denne sjukdomen resten av livet, seier han.

Avslag

Vi har gitt avslag i 220 saker, der vi ikkje har funne at det er samanheng mellom vaksinen og dei plagene erstatningssøkjaren opplever. Det er 12 saker som er lagde bort eller avviste. Dei sakene dreier seg stort sett om at det ikkje har oppstått eit økonomisk tap i tilknyting til ein eventuell skade (ein må ha eit økonomisk tap eller eit varig mein for å kunne få erstatning).

Framleis vert det meldt saker

-Sjølv mot slutten av fjoråret kom det inn ein del saker  som gjeld Pandemrix til oss, fortel Jørstad. Berre i siste kvartal av 2013 kom det inn 22 nye saker. Vi kjem nok difor òg til å ta i mot nokre saker i 2014,  som gjeld Pandemrix og vaksinen mot svineinfluensa, avsluttar Jørstad.