Pasient- og brukarombodseminar 2013

28. oktober samla pasient- og brukaromboda frå alle fylka i landet seg for 18. gong, for å delta på det årlege fagseminaret i NPE.

Rolf Gunnar Jørstad ynskte velkomen, og orienterte om kva som skjer i NPE no, og framover.

Det er viktig å bidra til at pasient- og brukaromboda er godt oppdatert fagleg.

Skriv ut Del 1. november 2013

Del artikkel på startsiden

-Dette årlege treffet med omboda og medarbeidarane deira er verdfullt for oss i NPE av mange grunnar. Ikkje minst fordi omboda er svært viktige aktørar som representerer dei som søkjer erstatning frå heile landet, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad om arrangementet.

Redusert saksbehandlingstid

Over 60 deltakarar frå ulike pasient- og brukarombod rundt i landet var samla, i tillegg til 14 representantar frå NPE. Rolf Gunnar Jørstad ynskte velkomen og innleidde seminaret med å orientere om aktuelle saker i NPE, og om kva som skjer framover. Ettersom det er 25 år sidan pasientskadeordninga starta opp i år, trekte han mellom anna fram at NPE har teke imot meir enn 65 000 saker sidan oppstarten. Han peika òg på det positive i at den gjennomsnittlege saksbehandlingstida er redusert med om lag ein månad i år.

På programmet var elles følgjande innlegg:

  • Avdelingsdirektør Anne-Mette Gulaker informerte om saker frå kommunehelsetenesta. Dei siste fem åra er det meldt inn 2781 saker frå dette området, og 653 av desse har fått medhald. Dei fleste sakene knyter seg til fastlegeordninga og legevakt, men Gulaker sette eit særleg fokus på dei 45 sakene som handlar om sjukeheimar, heimesjukepleie og helsestasjonar i innlegget sitt.
  • Avdelingsdirektør Jan Storvik snakka om unntaksregelen som gjev grunnlag for å tilkjenne erstatning ved særleg stor og uventa skade, sjølv om det ikkje ligg føre svikt ved ytinga av helsehjelp. NPE har gjeve medhald i 121 saker etter denne regelen mellom 2008 og 2012, noko som utgjer om lag 2 % av alle medhaldsakene. Storvik illustrerte den strenge praksisen ved å gå gjennom fem avgjerder frå Høgsterett.
  • Seniorrådgjevar Thor Foyn fortalde om i kva utstrekning andre enn pasienten kan tilkjennast erstatning som følgje av ein pasientskade. Sjølv om slike tap kan erstattast i heilt spesielle tilfelle, poengterte Foyn at pasientskadelova ikkje gjev utvida rettar samanlikna med alminneleg erstatningsrett, og at grensene for å tilkjenne erstatning er relativt snevre.
  • Seniorrådgjevar Trude Mørtvedt fortalde om saker der det hadde vore svikt i ulike ledd i behandlingskjeda, til dømes dårlege rutinar, utydeleg ansvar eller pulverisert ansvar, svikt i kommunikasjonen eller mangelfullt sikringsnett. Ho peika på at NPE så langt ikkje har sett nokon auke i saker som kan knytast direkte til samhandlingsreforma, men framheva òg at det er for tidleg å seie om det er slik, eller om dette biletet vil endre seg.

Å vere fagleg oppdatert er viktig

Til slutt svarte eit panel frå NPE på spørsmål frå omboda. Det var eit stort engasjement i salen, og vi fekk mange gode innspel som vi skal ta med oss vidare.

- Vi synest det er viktig å bidra til at dei er godt fagleg oppdatert på dette området, samstundes som dette er eit fint høve til å få tilbakemeldingar frå omboda på korleis brukarane opplever den jobben vi gjer, avsluttar Rolf Gunnar Jørstad.