Vellukka kvalitetsseminar

Seniorrådgjevar Sølvi Flåte viser fram den nye portalen for interesserte seminardeltakarar.
Måndag 29. april gjekk det tredje kvalitetsseminaret til NPE av stabelen. Føremålet med konferansen var å inspirere til bruk av materialet til NPE i arbeidet med pasienttryggleik.

Ortoped Anders Walløe og stipendiat og fødselslege Stine Andreasen heldt føredrag på seminaret.

Skriv ut Del 7. mai 2013

Del artikkel på startsiden

Kvalitetsseminaret vart halde på Gardermoen, slik at dei tilreisande kunne kome seg lett til arrangementet. Kvalitetsansvarlege og kvalitetsrådgjevarar i helseføretak og regionale helseføretak var spesielt inviterte, og i tillegg var det deltakarar frå kliniske stillingar og nokre frå pasient- og brukaromboda og helsebyråkratiet. Totalt var det om lag 80 deltakarar på seminaret.

 Interne sakkyndige i NPE heldt innlegga på seminaret:

  • Meldemønster og utfall av saker innanfor ymse saksområder, ved gastrokirurg Kjell Øvrebø
  • Erfaringar med fallskadar og trykksår, ved intensivsjukepleiar Fredrik Hetmann
  • Korleis ta lærdom av komplikasjonar ved gynekologisk kirurgi? ved gynekolog Marit Lieng
  • Kva kan andre lære av ortopedisakene i NPE? ved ortoped Anders Walløe
  • Kva områder for læring vart avdekka ved ein analyse av fødselsskadesaker? ved stipendiat og fødselslege Stine Andreasen

I tillegg heldt seniorrådgjevar Jørgen Holmboe frå Helsedirektoratet eit innlegg om kva styresmaktene kan bidra med på området i åra framover.

Direktøren i NPE, Rolf Gunnar Jørstad innleia seminaret med å understreke at NPE sit på eit svært omfattande erfaringsmateriale. NPE legg inn anonymiserte opplysningar i ein database som no inneheld opplysningar om rundt 17.000 saker der ein konkluderer med at det har skjedd ein pasientskade som gjev grunnlag for skadebot.

I dei aller fleste av desse 17.000 sakene er grunnlaget for å gje skadebot ei vurdering av at det har skjedd ein pasientskade på grunn av svikt ved ytinga av helsehjelp. NPE meiner at det er viktig at dette materialet vert brukt av helsetenesta i arbeidet med pasienttryggleik, og føremålet med seminaret var å inspirere til endå meir bruk gjennom å kaste lys på enkelte fagområder.

Det var god aktivitet i salen og engasjert dialog mellom føredragshaldarane og seminardeltakarane.

Denne dagen lanserte òg NPE statistikkportalen sin for helseføretaka. Der kan ein hente ut oppdatert statistikk frå NPE. Dette vart godt teke i mot og NPE håpar no at mange tek portalen i bruk.

Jørstad var svært nøgd med seminaret, og understrekar det positive i at NPE gjennom eit slikt arrangement kan stå for eit lite bidrag til det arbeidet for pasienttryggleik som helsetenesta gjer.