Styret i NPE blir avvikla

Stortinget har vedteke endringar i pasientskadelova som inneber at styret til NPE blir avvikla. Endringa gjeld frå og med 1. januar 2016.

Skriv ut Del Nynorsk | English | 7. mars 2016

Del artikkel på startsiden

Styret har ført tilsyn med at verksemda i NPE er organisert i samsvar med lover, forskrifter og instruksar. Styret har òg hatt ansvaret for å sikre at NPE forvaltar tilskota til dekning av erstatningane på ein god måte.

Vidare har styret formelt fastsett budsjettet og rekneskapen for NPE innanfor dei økonomiske rammene som er gitt, og lagt fram rekneskapen og ein årleg rapport om verksemda i NPE til departementet.

Bakgrunnen for lovendringa er ifølgje Helse- og omsorgsdepartementet at desse kontrollfunksjonane i dag blir sikra av direktøren i etaten eller gjennom etatsstyringa.

Positiv relasjon
- Styret har vore ein god diskusjonspartnar og har bidratt til relevante prioriteringar og å gi verksemda ei tydeleg retning, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad. – Eg vil difor takke styret, og især Haavard Ingvaldsen (styreleiar frå juni 2011 og ut 2015), for eit godt samarbeid gjennom fleire år, seier Jørstad.

Spennande å følgje NPE
- Det har vore spennande å følgje NPE gjennom desse åra, og eg er imponert over arbeidet som organisasjonen gjer, seier Haavard Ingvaldsen, styreleiar fram til avviklinga. Han fortel at gjennom arbeidet i styret til NPE, har han fått innblikk i ein organisasjon som er seriøs, ryddig, og som leverer gode resultat på saksbehandlingstid og kvalitet til brukarane.

– NPE utfører samfunnsoppgåva si på ein god måte, og det er positivt at organisasjonen har vore oppteken av kontinuerleg betring og effektiviseringstiltak, til det beste for brukarane. På vegner av det avtroppande styret ynskjer eg NPE lukke til vidare med det viktige arbeidet med å behandle saker om pasientskadeerstatning, avsluttar Ingvaldsen.