Besøk frå Frankrike

Fredag 17. april fekk NPE besøk av direktør Erik Rance og juridisk direktør Philippe Treguier i den statlege franske erstatningsordninga ONIAM (Office National d'Indemnisation des Accidents Médicaux).

Direktør Rolf Gunnar Jørstad, avdelingsdirektør Gorm Grammeltvedt, direktør Erik Rance, juridisk direktør Philippe Treguier og avdelingsdirektør Anne-Mette Gulaker.

Nøkkeltal ONIAM 2014

  • Dei regionale nemndene tok imot 4479 erstatningskrav.

  • I alt 1482 (36 prosent) av krava blei innvilga.

  • Samla utbetalte ONIAM ca. 1,1 milliardar kroner (€ 132 millionar) i erstatningar.

Skriv ut Del 14. mars 2016

Del artikkel på startsiden

I Frankrike behandlar forsikringsselskap framleis det store fleirtalet av erstatningskrav frå pasientar. Pasientar må då som hovudregel bevise at pasientskaden har skjedd ved ein uaktsom skade.

Ordning som gjer det enklare å få erstatning
I 2002 blei det etablert ei statleg ordning (ONIAM), som gir eit tilbod til pasientar om å søkje om erstatning for uventa pasientskader. Saksbehandlinga er gratis. Eit av vilkåra for å kunne søkje er at pasienten har kome dårlegare ut etter behandlinga enn han/ho ville vore utan behandling. Vidare krev ein normalt at pasienten er påført ein varig medisinsk invaliditetsgrad på minst 25 prosent. Denne ordninga behandlar no 10-15 prosent av alle pasientskadesaker i Frankrike.

Regionale nemnder fattar vedtak
ONIAM er eit statleg administrativt organ med litt over 100 medarbeidarar. Det er regionale nemnder som fattar vedtak om pasienten har rett til erstatning, basert på medisinske sakkunnigrapportar.

Både ONIAM og forsikringsselskap som blir pålagde erstatningsansvar av nemndene, kan avslå å innrette seg etter vedtaka til nemndene. ONIAM gjer dette i liten grad, berre ni prosent av avgjerdene til nemndene blir ikkje følgt opp. Dei viktigaste årsakene til at ONIAM ein sjeldan gong ikkje følgjer opp vedtaka til nemndene er

  • manglande årsakssamanheng mellom behandling og skade
  • avgjerder i nemndene står i motstrid til sakkunnige vurderingar i saka

Direktør Erik Rance fortalde at eit strategisk mål for ordninga er å auke kjennskapen publikum har til denne måten å få vurdert pasientskadeerstatningskrav på. ONIAM er vidare opptatt av å styrke dialogen med dei regionale nemndene, slik at det blir færrast mogleg saker der ONIAM ikkje rettar seg etter vedtaka frå nemndene.

Best mogleg behandling av pasientskadesaker
Direktør Rolf Gunnar Jørstad synest det er nyttig å få eit innblikk i at òg erstatningsordningar utanfor Norden opererer med lågare terskel for erstatningsansvar (objektivisert ansvar) og som søkjer å løyse sakene på lågast mogleg nivå.

– Vi ser gjerne til dei nordiske systerorganisasjonane våre når vi samanliknar og tenkjer vidareutvikling, men no ser vi òg mange likskapstrekk med ordninga i Frankrike. Eg håpar dette møtet var eit første steg i retning av eit større internasjonalt samarbeid rundt korleis ein kan handtere pasientskadesaker best mogleg utan domstolsbehandling, avsluttar Jørstad.