Halvårstal: Auke i melde saker

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) har teke imot 2976 saker og utbetalt 512 millionar kroner i erstatningar til pasientar og pårørande i første halvår av 2015.

Det kan sjå ut til at vi i år òg kjem til å utbetale rundt ein milliard kroner i erstatningar.

Skriv ut Del 14. mars 2016

Del artikkel på startsiden

Auke i melde saker
Samanlikna med første halvår i fjor er det ein auke i tal melde saker på drygt åtte prosent. Talet melde saker til NPE er gjerne noko lågare i juli og august. Det kan difor sjå ut til at NPE vil ta imot rundt 5600-5700 nye saker i år, mot drygt 5200 i fjor.

– I og med at vi har sett ein jamn auke i talet melde saker til oss over fleire år, er dette ei utvikling omlag som venta, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad.

Utbetalingar
Utbetalingar av erstatning ligg på det same nivået som for første halvår i fjor. – Held utviklinga fram, kan det sjå ut til at vi i år òg kjem til å utbetale rundt ein milliard kroner i erstatningar til pasientar og pårørande. Det er viktig for oss at pasientane får dekt tapet dei har fått etter feilbehandling i helsetenesta, seier Jørstad.