Har utbetalt 51 millionar kroner ekstra i erstatningar

I desember i fjor fall det ein dom i Høgsterett som sette ned kapitaliseringsrenta. Denne renta har innverknad ved utrekninga av erstatning for tap i framtidig inntekt og utgifter, tap av forsørgjar og for meinerstatninga. NPE har no etterbehandla nesten 1000 saker for å justere erstatninga ut frå den nye rentesatsen. Dette har medført at NPE har etterbetalt 51 millionar kroner i erstatning til pasientar og pårørande.

Fakta kapitaliseringsrenta

Kapitaliseringsrenta har innverknad ved utrekninga av erstatning for tap i framtidig inntekt, utgifter, tap av forsørgjar og for meinerstatninga. Når ein reknar ut erstatning for desse erstatningspostane, blir det brukt ein rentesats for å finne fram til noverdien av eit tap som går fleire år framover i tid. Ein gjer dette fordi erstatning for framtidstap og varig mein normalt blir utbetalt som eingongsbeløp. Dess lågare kapitaliseringsrente, dess høgare blir erstatninga.

.

Skriv ut Del 11. mars 2016

Del artikkel på startsiden

Større erstatning til 1000 erstatningssøkjarar
– I alle sakene vi sluttbehandla etter at det blei klart at Høgsterett ville sjå på kapitaliseringsrenta, har vi varsla at vi vil rekne ut ny erstatning dersom Høgsterett sette ned renta.

No har vi gjennomført etterutrekning av erstatninga i nesten 1000 slike saker. I dei aller fleste av desse sakene har erstatningssøkjarane fått ei større erstatning. Totalt har erstatningsnivået auka med sju prosent i desse sakene, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad.

Auke i erstatningsutbetalingar i 2015
Endringa som Høgsterett gjorde i kapitaliseringsrenta fører til at erstatningsutbetalingane som blir gjort no òg blir høgare. – Vi ventar ein auke i erstatningsutbetalingane i år som ein konsekvens av endringa i kapitaliseringsrenta. Vi trur på ein auke i erstatningsutbetalingane på mellom sju og ti prosent dette året, seier Jørstad.

Ikkje uroleg
Jørstad er ikkje uroleg for at erstatningane no aukar. – Det er eit viktig grunnleggjande prinsipp at erstatningssøkjarane får dekt tapet sitt fullt ut. Med det låge rentenivået som har vore i lang tid, var det naturleg å setje ned kapitaliseringsrenta for å bidra til at erstatningssøkjarane får rett erstatning, avsluttar han.