NPE vann pris

Software Innovation (SI), som er leverandøren og samarbeidspartnaren til NPE, knytt til saksbehandlingssystemet vårt, har gitt NPE prisen for årets digitalisør og tøffaste kunde.

–Vi er opptekne av å gjere det enklare for brukarane, og når dette går hand i hand med å gjere prosessane enklare hos oss, er dette ein vinn-vinn situasjon for både oss og brukarane.

Skriv ut Del 8. mars 2016

Del artikkel på startsiden

– Vi er opptekne av å jobbe effektivt og fullelektronisk i saksbehandlinga vår, og denne prisen er ei hyggeleg tilbakemelding på at vi lukkast med dette, seier IKT-direktør i NPE Torild Lund Andersen.

SI grunngir prisen slik:
Kunden har verkeleg teke digitaliseringsomgrepet på alvor og gått i gang med å automatisere og digitalisere saksbehandlingsprosessen. Pasientane melder skader elektronisk ved hjelp av skjema på internett og får svar og førespurnader i den digitale postkassa si.

Samhandling med eksterne partar som sakkunnige og pasientskadenemnd, skjer no heilt digitalt. Saksbehandlarar har teke i bruk omfattande prosesstøtte med heilautomatiserte hendingar som dokumentproduksjon og utsending.

Digital skademelding og digital postkasse
NPE har hatt fullelektronisk saksbehandling i lang tid. Etter lansering av ny versjon av saksbehandlingssystemet i mars, har vi no òg fått på plass eit digitalt skademeldingsskjema. I dette skjemaet kan erstatningssøkjarane sende inn søknad om erstatning direkte på nettet og ta imot svar i digital postkasse.

– Vi er opptekne av å gjere det enklare for brukarane, og når dette går hand i hand med forenkling av prosessane hos oss, er dette ein vinn-vinn situasjon for både oss og brukarane, seier Lund Andersen.

 

.