Pasient- og brukarombodseminar 2015

Vi samla 50 tilsette hos pasient- og brukaromboda i Oslo for det årlege pasient- og brukarombodseminaret vårt 26. oktober 2015.

Ida Bukholm, fagsjef for pasientsikkerhet og statistikk, heldt innlegg om korleis vi skal få fleire til å bruke erfaringsmaterialet vårt i arbeidet for betre pasienttryggleik i Noreg.

 

Programmet frå seminaret:

- Aktuelle tema i NPE (Rolf-Gunnar Jørstad, direktør i NPE)

- Forholdet mellom avgjerder i NPE og avgjerder i helsetilsynet (Gorm Grammeltvedt, avdelingsdirektør i juridisk avdeling, NPE)

- Sakkunnige i NPE (Anne-Mette Gulaker, avdelingsdirektør for saksbehandling, NPE)

- Pasienttryggleiksarbeidet i NPE (Ida Rashida Khan Bukholm, fagsjef for pasientsikkerhet og statistikk, NPE)

-Diverse juridiske tema (Jan Storvik, seniorrådgiver i juridisk avdeling, NPE)

- Kva får skadelidde erstatta? (Elin Melvær, seksjonssjef NPE)

- Opprettinga av Helseklage (Rose-Marie Christiansen, prosjektdirektør Helseklage)

Skriv ut Del 8. mars 2016

Del artikkel på startsiden

NPE møter omboda og medarbeidarane deira årleg for å auke kunnskapen om behandling av pasientskadesaker og utveksle synspunkt på korleis vi i NPE jobbar med desse sakene. Direktør Rolf Gunnar Jørstad synest møtet er verdifullt:

-Ombodskontora er i kontakt med svært mange som vurderer om dei skal krevje erstatning. Ved å fortelje dei meir om korleis vi jobbar, bidreg vi til at dei har god kjennskap til saksbehandlinga vår.

Programmet
I samarbeid med omboda hadde vi lagt opp eit variert program som fokuserte på viktige satsingsområde i NPE for tida. I tillegg var det eit innlegg om status i arbeidet med å etablere nytt klageorgan for helsetenesta (Helseklage) i Bergen.

Vi møtte ei aktiv og engasjert forsamling som gav uttrykk for at temaa på samlinga var relevante. Jørstad trekkjer fram at spesielt innlegget til fagsjef for pasientsikkerhet og statistikk Ida Rashida Khan Bukholm fekk gode tilbakemeldingar.

- Ida fortalde om korleis vi jobbar med å få helsetenesta til å bruke erfaringsmaterialet vårt i pasienttryggleiksarbeidet. Dette er eit viktig tema for oss i NPE, og det er òg ein tematikk vi veit at pasient- og brukaromboda er opptekne av, seier Jørstad.

Verdifullt seminar
-Samla sett synest eg det er svært viktig å ha ein årleg møteplass som dette. Ein slik dag gir alltid rom for gode erfaringsutvekslingar, og det er veldig nyttig for oss i NPE å høyre om korleis brukarane opplever møtet med oss, avsluttar Jørstad.