Innsyn og postjournal

Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd, offentleglova, gir kvar og ein rett til innsyn i forvaltninga sine dokument og journalar.

Postjournal

Korleis krevje innsyn?

Du kan sende krav om innsyn på e-post:

> npepost@npe.no


Du får svar på krav om innsyn innan tre arbeidsdagar.

 

Skriv ut Del 4. juli 2016

Del artikkel på startsiden

Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd av 19. mai 2006 (offentleglova) gir kvar og ein rett til innsyn i forvaltninga sine dokument og journalar, dersom det ikkje ligg føre eit unntak for dette innsynet heimla i lov eller i medhald av lov. Offentleglova gjeld òg for Norsk pasientskadeerstatning (NPE).

Heimel til å avslå krav for NPE
Pasientskadesaker handlar i stor grad om personlege tilhøve som er lagt under teieplikt. Desse personsensitive opplysningane vil vere unnateke for innsyn etter offentleglova § 13 jf. forvaltningslova § 13. Resten av dokumentet er som eit utgangspunkt ikkje unnateke offentleg innsyn, jf. likevel unntak etter offentleglova § 12. I mange tilfelle vil NPE difor kunne ta unna heile dokument i pasientskadesaka frå innsyn, utover dei opplysningane som er lagt under teieplikt. Det er difor ein heimel i offentlegforskrifta § 9 fjerde ledd, som gir rett til unntak frå innsyn i journalar og saksdokument i heile enkeltsaker etter pasientskadelova.

Då det er svært arbeidskrevjande å skilje ut mellom anna dei opplysningane som er lagt under teieplikt, vil difor NPE som hovudregel avslå krav om innsyn i saker etter pasientskadelova med bakgrunn i regelen i offentlegforskrifta.

NPE tek i mot mange krav om innsyn etter offentleglova, både frå journalistar og andre. Vedtak om å avslå krav om innsyn er klaga på, og prøvd ei rekkje gonger med klage til klageorganet vårt, Helse- og omsorgsdepartementet. Desse vedtaka har alltid blitt oppretthalde.

Heimel til å avslå krav for behandlingsstad
Vi har ved fleire tilfelle sett vedtak frå oss, med detaljar om sjukehistorie, omtala i media. Slik vi har forstått det, er dette anonymiserte vedtak som er innhenta frå behandlingsstadene med heimel i offentleglova.

Offentlegforskrifta seier at det kan gjerast unntak frå innsyn i enkeltsaker etter pasientskadelova. Unntaket gjeld då ikkje berre forvaltningsorgana som behandlar saker etter pasientskadelova, men alle dokument frå saka uansett kor dei er.

Behandlingsstadene vil altså kunne ta unna dokument frå NPE for innsyn med heimel i forskrifta § 9 fjerde ledd.

Vi gjer merksam på at behandlingsstadene sjølve naturlegvis avgjer kva policy ein ynskjer å føre når ein tek i mot krav om innsyn.

Kontakt
Dersom de ynskjer å diskutere dette nærare, eller treng fleire opplysningar, er de velkomne til å ta kontakt med seniorrådgiver/advokat Sylvi Tennøe på e-post: sylvi.tennoe@npe.no.