Hepatitt C

Gjennomgang av 76 krav om erstatning i samband med hepatitt C-smitte ved blodoverføring, viser at halvparten av erstatningssøkarane har fått medhald i erstatningskravet. De fleste avslagene skyldes forelding.

Innhald:

Vurderinga av hepatitt C-saker i NPE
Forelding
Talet på saker
Medhaldssakene
Avslagssakene
Eksempel på medhald
Eksempel på avslag

Vurderinga av hepatitt C-saker i NPE
I tillfelle der pasientar har blitt smitta ved blodoverføring knytt til behandling på offentlege sjukehus, ser ein på hepatitt C-smitte som ein uakseptabel risiko for pasienten. Sjølv om ein ser på blodprodukt som legemiddel, og dermed i utgangspunktet ikke kjem inn under NPE-ordninga, har ein kome til at ordninga òg omfattar tilfelle der blodoverføringa har skjedd før 01.07.1989, då reglane om legemiddelansvar i produktansvarslova tok til å gjelde. Skaden må vere konstatert etter at NPE-ordninga starta opp 01.01.1988.

Såframt det er sannsynleg årsakssamanheng mellom behandlinga og smitteoverføringa, blir smitte med hepatitt C rekna som ein risiko knytt til behandlinga som pasienten ikkje må akseptere.

Hepatitt C-smitte som kjem av blodoverføring eller bruk av legemiddel elles, og der smitten har skjedd etter 01.07.1989, blir regulert av legemiddelansvaret i produktansvarslova. NPE behandlar krav om erstatning på vegne av Legemiddelforsikringen.

Forelding
Erstatningskravet må ikkje vere for gamalt. Hovudregelen er at eit krav er forelda etter tre år. Tidspunktet for når fristen startar kjem an på kva kunnskap den skadelidne har. For at foreldingsfristen skal starte , må ein ha hatt kunnskap om at det ligg føre ein skade som har ført til eit økonomisk tap og at ein har kunnskap om den ansvarlege. Krav som er meir enn 20 år gamle vil som hovudregel uansett vere forelda.

Sjølv om smitte oppstod for meir enn 20 år sidan og det i utgangspunktet ser ut som kravet er forelda, kan det tenkjast tilfelle der forseinka diagnose og behandling av hepatitt C kan danne grunnlag for erstatningskrav.

Helse- og omsorgsdepartementet har gjort ei vurdering av om det skal opprettast ei særskild erstatningsordning for hepatitt C-smitta. Som eit resultat av dette arbeidet er det avgjort at det ikkje vil bli oppretta ei særskild erstatningsordning.

Talet på saker
NPE har per 1. mars 2007, behandla 76 krav om erstatning i samband med hepatitt C-smitte ved blodoverføring. Det er 42 kvinner og 34 menn som har kravd erstatning. Gjennomsnittsalderen er 35 år, med ei aldersspreiing frå 10 til 70 år.

Medhaldssakene
Av de 76 pasientane som har kravd erstatning, har 35 fått medhald. NPE har i desse sakene konkludert med at det er sannsynleg årsakssamanheng mellom blodoverføring og hepatitt C-smitten. Det er utbetalt 10,2 millionar kroner i erstatning. Gjennomsnittleg erstatningsbeløp er 280 000 kroner.

Avslagssakene
41 pasientar har ikkje fått medhald i kravet sitt om erstatning. Ni av desse har fått saka avvist på grunn av forelding, at skaden er konstatert før ordninga med pasientskadeerstatning starta å gjelde eller fordi behandlingsstaden fell utanfor ordninga. Dei resterande 32 har fått avslag. Avslaga skuldast i hovudsak at ein ikkje fann årsakssamanheng mellom blodoverføringa og hepatitt C-smitten, enten ved at det var påvist slik smitte hos pasienten alt før blodoverføringa, eller at det ikkje er funne hepatitt C-smitte hos aktuelle blodgivarar.

Eksempel på medhald
Mann, 24 år, fekk fleire blodoverføringar. Tolv år seinare blei det reint tilfeldig oppdaga at han var påført smitte med hepatitt C. Utgreiinga i NPE finn inga anna sannsynleg smittekjede enn blodoverføring utført før ein starta med testing av alle blodgivarar. Sjølv om behandlinga var rett ut frå den kunnskapen og rommet for kontroll som ein hadde på den tida, er hepatitt C-smitte ikke ein risiko som ein må akseptere som pasient. Pasienten har krav på erstatning.

Eksempel på avslag
Kvinne, 36 år, fekk ein dose blod på grunn av store blødingar. Fjorten år seinare blei det påvist hepatitt C. Pasienten som gav det aktuelle blodet har testa negativt på hepatitt C. NPE konkluderer med at den påviste hepatitt C-smitten mest sannsynleg ikkje skuldast den aktuelle blodoverføringa. Pasienten har ikkje krav på erstatning.