Kan eg søke erstatning for skaden min?

 

Eit erstatningskrav kan bli forelda. Difor er det viktig at du sender kravet før det blir for gamalt.

 

Når skjedde skaden?

Ut frå svara dine ser det ut til at kravet ditt er forelda.

Krav som gjeld skadar som er meir enn 20 år gamle vil som hovudregel vere forelda. Dette gjeld òg sjølv om du ikkje har visst at du har blitt påført ein skade.

Det at du kanskje ikkje hadde kjennskap til ordninga med pasientskadeerstatning eller foreldingsreglane, hindrar diverre ikkje at kravet blir forelda.

Sjølv om det har gått mindre enn 20 år sidan skaden skjedde, kan kravet likevel vere forelda. Frå du fekk kunnskap om at du hadde fått ein skade til du melder ei sak, må det ikkje gå meir enn tre år..

 

Når fann du ut at du hadde fått ein skade?

Ut frå svara dine ser det ut til at kravet ditt kan vere forelda. I utgangspunktet har du ein frist på tre år etter at skaden skjedde, for å søkje erstatning.

Fristen blir rekna frå det tidspunktet du fekk kunnskap om

  • at du har fått ein skade som følgje av behandlinga
  • at skaden er varig, og gir eit økonomisk tap

Fristen går frå når du visste, eller burde ha visst om dette. Dette vil seie at den som har fått ein skade, har sjølv ansvar for å skaffe seg kunnskap om dette.

Det at du kanskje ikkje hadde kjennskap til ordninga med pasientskadeerstatning eller foreldingsreglane, hindrar diverre ikkje at kravet blir forelda.

Blei du behandla i Noreg eller i utlandet?

Det ser ikkje ut til at du har rett til erstatning.

Nordmenn som får ein skade under behandling i utlandet kan ikkje søkje om erstatning frå NPE.

Om skaden skjedde under behandling i eit av dei nordiske landa, kan du søkje om erstatning gjennom erstatningsordninga i det aktuelle landet.

Pasientskadelova dekkjer berre utanlandske sjukehus og legar, om det offentlege på førehand har inngått avtale med behandlingsstaden om kjøp av tenester.

Skaden du har fått må skuldast feil behandling, undersøking, diagnostisering eller oppfølging. Om skaden skuldast den sjukdomen du blei behandla for, har du ikkje krav på erstatning.

Skaden din kan òg skuldast biverknad av medisinar.

 

Korleis meiner du skaden oppstod?

Du har svart at du har fått ein legemiddelskade.

Om skaden skuldast bruk av medisinar som du sjølv har kjøpt i butikken eller reseptfritt på apotek, vil vi alltid vurdere skaden som ein rein legemiddelskade, ikkje som ein pasientskade. Erstatningskravet vil då bli behandla etter særskilde reglar om legemiddelansvaret i produktansvarslova. I slike tilfelle må du bruke søknadsskjema som gjeld legemiddelskadar når du melder saka til oss.

Ver klar over at ein skade du meiner skuldast ein vaksine skal meldast som ein pasientskade, ikkje som legemiddelskade.

Om skaden skuldast bruk av medisinar som du har fått hjå helsepersonell kan du òg melde saka som ein pasientskade. Ynskjer du å søkje om erstatning for både biverknader av medisinar og svikt i behandlinga, fyller du ut søknadsskjema for NPE.

Er du i tvil om kva skjema du skal bruke, vel søknadsskjema for pasientskade.

Ikke alle skadar er omfatta av pasientskadeordninga. Vi må difor vite om skaden din har skjedd under behandling i helsetenenesta eller under alternativ behandling. Du kan til dømes har rett til erstatning om skaden har skjedd på eit sjukehus, men ikkje hos ein akupunktør.

 

Kvar i helsetenesta har skaden skjedd?

Alternativ behandling, som til dømes akupunktur, er normalt ikkje dekt av pasientskadeordninga. Heller ikkje all kosmetisk behandling er omfatta av pasientskadeordninga.

Alternativ behandling som er ein del av den ordinære helsetenesta er likevel dekt. Til dømes vil ein fysioterapeut som utfører akupunktur som ein del av behandlinga, vere omfatta av ordninga.

For å ha rett til erstatning må du ha fått eit økonomisk tap på minst 10 000 kroner, eller du må ha blitt påført ein varig og monaleg medisinsk invaliditet (minst 15 prosent).

Eksempel på økonomisk tap:

  • inntektstap
  • utgifter (til dømes legebehandling, medisinar, fysioterapi og transport)
  • arbeid i heimen (til dømes husarbeid, vedlikehald av bustad og innkjøp)

 

Kva økonomisk tap har du fått som følgje av skaden?

Sjølv om du ikkje har hatt eit økonomisk tap på minst 10 000 kroner, kan du likevel ha rett til erstatning. Du må då ha blitt påført ein varig og monaleg medisinsk invaliditet på minst 15 prosent.

 

Meiner du at du har fått ein varig og monaleg skade?

Ut ifrå svara dine, ser det ikkje ut til at du har rett til erstatning.

Når det økonomiske tapet er under 10 000 kroner og du heller ikkje har fått ein varig og monaleg skade, kan du ikkje krevje erstatning frå NPE. Du kan i staden vende deg direkte til den behandlingstaden der skaden skjedde.

Om du har hatt forbigåande plager eller ei dårleg oppleving, men ikkje eit økonomisk tap, vil du ikkje få erstatning. Du kan heller ikkje få erstatning som «plaster på såret».

Ut frå svara dine, ser det ut til at du kan ha rett til erstatning.

Dette er ikkje eit endeleg svar. Det kan vi fyrst gi når vi har fått meir informasjon og har vurdert saka di.

For å ha rett til erstatning, må skaden din skuldast feilbehandling. Skuldast skaden sjukdomen du blei behandla for, har du ikkje krav på erstatning. I tilfelle der det oppstår ein skade utan at det har vore feilbehandling, har du normalt ikkje rett til erstatning.

Ut frå svara dine, ser det ut til at du kan ha rett til erstatning.

Dette er ikkje eit endeleg svar. Det kan vi fyrst gi når vi har fått meir informasjon og har vurdert saka di.

For å ha rett til erstatning, må skaden din skuldast feilbehandling. Skuldast skaden sjukdomen du blei behandla for, har du ikkje krav på erstatning. I tilfelle der det oppstår ein skade utan at det har vore feilbehandling, har du normalt ikkje rett til erstatning.

Vi har for få opplysingar til å kunne seie noko om saka.

For å ha rett til erstatning, må skaden din skuldast feilbehandling. Skuldast skaden sjukdomen du blei behandla for, har du ikkje rett til erstatning. I tilfelle der det oppstår ein skade, utan at det har vore feilbehandling, har du normalt ikkje rett til erstatning.