Sjekk om du har meldeplikt til NPE

 

Det er eigar og den som er ansvarleg for verksemda som skal sørgje for at verksemda melder inn til tilskotsordninga. Dette gjeld berre verksemder der autorisert helsepersonell gir helsehjelp utanfor den offentlege helsetenesta.

I denne sjekken brukar vi ordet tilsett som eit samleomgrep for alle måtar du kan vere knytt til ei verksemd på (sysselsett, engasjert, jobbe på oppdrag for osv.).

Kva er di rolle som tilsett?

Ut frå svaret ditt har du sannsynlegvis ikkje meldeplikt sjølv. Det er verksemda du jobbar for som har meldeplikta.

Ta kontakt med oppdragsgivar/arbeidsgivar for stadfesting.

Eit av kriteria som må vere oppfylt for at du skal ha meldeplikt, er at helsehjelpa må utførast av autorisert helsepersonell.  

Har du autorisasjon eller lisens som helsepersonell?

Ut frå svaret ditt har du sannsynlegvis ikkje meldeplikt.

Pasientskadelova gjeld berre helsehjelp utført av autorisert eller lisensiert helsepersonell.

Helsehjelp er behandlingar som skal førebyggje, diagnostisere, behandle, oppretthalde helse, rehabilitere, eller gi pleie og omsorg. Helsehjelpa må vere utført av helsepersonell.

Om du utfører kosmetisk behandling som ikkje krev kompetanse som helsepersonell, vil dette normalt ikkje bli rekna som helsehjelp.

Gir du helsehjelp?

Ut frå svaret ditt har du sannsynlegvis ikkje meldeplikt.

Det er berre dei som gir helsehjelp som har meldeplikt.

Det er ikkje alle kosmetiske behandlingsformer som blir rekna som helsehjelp.

Privat helseteneste er helsehjelp utanfor den offentlege helsetenesta.

Offentleg helseteneste omfattar:

  • helsehjelp som blir gitt av staten, helseføretaka, fylkeskommunane, kommunane eller ved offentlege utdanningsinstitusjonar
  • verksemder som har avtale med det offentlege om driftstilskot eller kjøp av helsetenester. Dette inkluderer også arbeidsretta rehabilitering og avtale om behandling ved fristbrot.

Sjølv om pasienten får heil eller delvis refusjon frå HELFO eller NAV, blir verksemda di rekna som privat helseteneste

Gir du helsehjelp innan privat helseteneste?

Ut frå svaret ditt har du sannsynlegvis ikkje meldeplikt.

Om du berre jobbar med offentleg helseteneste har du ikkje meldeplikt.

Den delen av verksemda di som blir finansiert av det offentlege, ved avtale om driftstilskot og/eller kjøp av helse- og omsorgstenester, er omfatta av den offentlege helsetenesta.

Verksemder utan avtale med det offentlege, eller som jobbar utover offentleg avtale, blir rekna som privat helseteneste.

Ver merksam på at behandling av pasientar som betalar privat, eller får summen dekt av forsikringa, blir rekna som privat helseteneste. 

Har du heil eller delvis driftsavtale og/eller andre avtalar med offentleg helseteneste?

Ut frå svaret ditt har du sannsynlegvis ikkje meldeplikt.

Om du berre jobbar med offentleg helseteneste har du ikkje meldeplikt.

Det er i utgangspunktet berre behandling som skjer i Noreg, inkludert Svalbard, som er dekt av pasientskadeordninga.

Gir du helsehjelp i Noreg?

Ut frå svaret ditt har du sannsynlegvis ikkje meldeplikt.

Pasientskadelova gjeld anten skadar etter behandling i Noreg, eller skadar som skuldast behandling i utlandet, når behandlinga skjer etter avtale med det norske offentlege helsestellet.

Om du tilbyr helsehjelp i utlandet, bør du ta kontakt med profesjonsforeininga di eller forsikringsselskapet ditt for rådgjeving.

Pasientskadelova omfattar ikkje verksemder som berre utfører alternativ behandling.

Om den alternative behandlinga er integrert i den ordinære helsetenesta, er ho omfatta av pasientskadelova.

Driv du berre med alternativ behandling?

Ut frå svaret ditt har du sannsynlegvis ikkje meldeplikt.

Alternativ behandling er ikkje omfatta av pasientskadelova. Ta kontakt med profesjonsforeininga di eller forsikringsselskapet ditt for rådgjeving.

Kollektivavtalen som foreiningar og forbund har med NPE, oppfyller meldeplikta for medlemane i foreininga.

NPE har kollektivavtale med følgjande forbund/foreiningar:

  • Apotekforeningen
  • Norges Tannteknikerforbund
  • Norsk Kiropraktorforening
  • Norsk Manuellterapeutforening (NMF)
  • Norske Fotterapeuters Forbund
  • Synsinformasjon (Norges optikerforbund) 

Er du medlem hjå ein av kollektivavtalepartane våre?

Ut frå svaret ditt har du sannsynlegvis ikkje meldeplikt.

Forbundet/forieninga di med kollektivavtale tek hand om meldeplikta.

Om verksemda har tilsett autorisert helsepersonell som gir helsehjelp i den private helsetenesta, har verksemda meldeplikt for helsepersonellet.

Tilsett vil her seie:

  • helsepersonell som er tilsett, engasjert eller innleigd
  • sjølvstendig næringsdrivande som jobbar ved ein klinikk, såframt dei ikkje er økonomisk ansvarleg for verksemda

Verksemdene kan gjere ei felles innmelding av helsepersonellet.

Eksempel på verksemder med felles innmelding av helsepersonell:

  • Aleris
  • Colosseumklinikken
  • Volvat medisinske senter

Er du inkludert i felles innmelding?

Ut frå svaret har du og verksemda di meldeplikt.

Om verksemda ikkje har vore meldt inn for tidlegare år, må du òg registrere for desse åra. Om du ikkje registrerer for tidlegare år, kan verksemda risikere å måtte betale erstatningssummar og omkostningar.

Ut frå svaret ditt har du sannsynlegvis ikkje meldeplikt.

Ta kontakt med oppdragsgjevar/arbeidsgjevar for stadfesting.

Er du framleis usikker, ta kontakt med oss.