Du har svart at du har fått ein legemiddelskade.
Om skaden skuldast bruk av medisinar som du sjølv har kjøpt i butikken eller reseptfritt på apotek, vil vi alltid vurdere skaden som ein rein legemiddelskade, ikkje som ein pasientskade. Erstatningskravet vil då bli behandla etter særskilde reglar om legemiddelansvaret i produktansvarslova. I slike tilfelle må du bruke søknadsskjema som gjeld legemiddelskadar når du melder saka til oss.
Ver klar over at ein skade du meiner skuldast ein vaksine skal meldast som ein pasientskade, ikkje som legemiddelskade.
Om skaden skuldast bruk av medisinar som du har fått hjå helsepersonell kan du òg melde saka som ein pasientskade. Ynskjer du å søkje om erstatning for både biverknader av medisinar og svikt i behandlinga, fyller du ut søknadsskjema for NPE.
Er du i tvil om kva skjema du skal bruke, vel søknadsskjema for pasientskade.