Jobben min
Det jobbar rundt 170 medarbeidarar i NPE. Det er fagfolk innan blant anna saksbehandling, juss, IT, kommunikasjon, økonomi og leiing. Vi legg stor vekt på kvalitet og fagleg ekspertise. Erstatningssøkaren skal vere viktigast i alle ledd i behandlinga av erstatningskrav.
Cecilie Eid – nytilsett saksbehandlar
Eg er utdanna jurist ved Universitetet i Bergen og fullførte grada våren 2024.
Eg har i skrivande stund jobba i NPE i omtrent fem månader, og er ein av dei nye tilsette. I oppstartsfasen er vi nytilsette ein del av eit eige opplæringsteam, noko eg opplever som både lærerikt og sosialt. Det blir gjennomført faglege kurs, og vi får oppfølging og rettleiing av dyktige fagrettleiarar. Dette gjer oss godt rusta til å greie ut, vurdere og ta avgjerder baserte på eksisterande lovverk og rettspraksis. Fagområdet knyter seg både til juss og medisin, som er kryssingspunkt eg synest er særleg spennande.
Eg trivst godt både fagleg og sosialt hos NPE. Eg opplever at NPE er ein inkluderande arbeidsplass som har søkelys på å vere open, påliteleg og tilpassingsdyktig. Som nytilsett opplever eg å bli tatt godt imot på arbeidsplassen, og at NPE har eit miljø med stor fagleg tyngde der det er rom for å diskutere saker og problemstillingar med andre kollegaer.
Turid Haugen – saksbehandlar/seniorrådgivar
Eg starta å jobbe som behandlar i NPE i 2007.
Grunnen til at eg søkte jobb i NPE var at eg ønskte å arbeide innanfor eit område med både medisin og juss. Eg starta både med ansvarsutgreiing og berekning av sakene, og eg fekk god opplæring. I dei åra eg har vore i NPE har eg arbeidd med fleire typar saker innanfor ulike medisinske område. Eg arbeider nå hovudsakleg med ansvarsutgreiing av legemiddel-, vaksine- og psykiatrisaker. I tillegg har eg noko berekning. Eg liker at eg har varierte arbeidsoppgåver. Eg opplever at dei tilsette er opptatte av at vi forvaltar samfunnsoppdraget vårt på ein best mogleg måte. I NPE arbeider vi for at saksbehandlinga skal vere trygg og av god kvalitet og med dei beste digitale løysingane. Vi vil at det skal vere lik behandling av sakene, og dei som har krav på erstatning skal få rett erstatning.
Dei tilsette har høg fagleg kompetanse, og som saksbehandlar får eg god hjelp og rettleiing ved behov. Vi har blant anna jamlege faglege møte der vi diskuterer og løyser problemstillingar i plenum.
Eg trivst veldig godt i NPE og eg set særleg pris på å ha så mange hyggelege og dyktige kollegaer. Det er ein god arbeidsplass som er velregulert og har eit inkluderande arbeidsmiljø. Eg liker at eg har ei fleksibel arbeidstid med moglegheita for heimekontor og trening i arbeidstida. Det er også alltid hyggeleg å vere på kontoret som har fine lokale sentralt i Oslo.
Fiola Quranolli – rådgivar/behandlar
Eg begynte å jobbe i NPE i mars 2022, og starta i eit opplæringsteam med tre andre. Som ny kollega opplevde eg at arbeidsmiljøet var prega av samarbeid og kunnskapsdeling. Eg blei oppfordra til å stille spørsmål og det var stor takhøgde for å diskutere problemstillingar eg opplevde som krevjande. Hovudårsaka til at eg søkte meg til NPE var at eg ønskte å jobbe med noko meiningsfylt, samtidig som eg forfølgde interessa mi for erstatningsrettslege spørsmål og personskadar. Eg har treft godt, og har samtidig oppdaga kor spennande det er å få jobbe i skjeringspunktet mellom juss og medisin.
Som behandlar jobbar eg med ulike medisinske område, blant anna odontologi, ortopedi og gastrokirurgi. Det er spennande å greie ut sakene, og eg følger stadig fleire saker frå vi får søknaden til vi utbetaler erstatninga. Dei varierande arbeidsoppgåvene, det gode arbeidsmiljøet og den høge kompetansen blant kollegaene gjer NPE til ein god stad å vere.
Mårten Landgraff – seniorrådgivar/prosjektleiar
Eg begynte i NPE i 2010, og jobba i nokre år som seksjonssjef før eg fekk høve til å drive med prosjektarbeid og utviklingsoppgåver for organisasjonen. Samfunnsoppdraget til NPE er viktig, og i alle delar av organisasjonen blir det lagt til rette for å bygge opp under dette oppdraget. Eg er opptatt av at vi skal samarbeide og jobbe på tvers av ansvarsområde, at vi skal skape resultat saman, og at vi skal lykkast både som verksemd og individ. Dette har det siste året blant anna resultert i ein ny strategi og eit nytt verdigrunnlag for NPE, der openheit, pålitelegheit og at vi er tilpassingsdyktige er kjerneverdiar.