Utbetalt 40 millionar etter feilbehandling av prostatakreft
Blodprøvesvar som ikkje blir følgt opp, feiltolka MR-undersøkingar og manglande tilvisingar. 64 pasientar har fått erstatning etter prostatakreft dei siste fem åra.
Kvart år får omtrent 5000 menn prostatakreft i Noreg. Prostatakreft er den vanlegaste kreftforma blant menn i Noreg. Den rammar primært eldre menn og gir ofte ikkje symptom i begynninga av sjukdomsfasen.
- Les meir på Folkehelseinstituttet (ekstern lenke til fhi.no).
NPE får rundt 40 erstatningssøknader i året frå menn som meiner dei har blitt feilbehandla i samband med prostatakreft. Dei siste fem åra har 64 pasientar fått erstatning etter feilbehandling.
- Dei fleste sakene gjeld diagnostisering, fortel Kristin Cordt-Hansen, direktør i NPE.
Fastlegen burde tilvist
I sakene der pasienten har hatt krav på erstatning, har NPE konkludert med at det har skjedd ein svikt i diagnostikken i tre av fire saker.
- Dei fleste av sakene dreier seg om at fastlegen burde tilvist pasienten vidare på bakgrunn av forhøgde PSA-verdiar. I andre saker blei kreftdiagnosen forseinka fordi PSA-målingar ikkje blei utførte, eller fordi dei utførte for seint, seier Cordt-Hansen.
Ho fortel at manglande oppfølging av prostatakreft kan vere farleg for dei det gjeld.
- Vi har hatt saker der mennene ikkje fekk behandlinga dei skulle hatt. Vi har sett blodprøvesvar bli oversette, røntgenundersøkingar bli feiltolka og menn som dessverre ikkje har blitt følgt opp godt nok av helsevesenet. I nokre av tilfella ser vi at pasienten skulle ha blitt tilvist til urolog mange år tilbake. Slike forseinkingar kan føre til utvikling av kreftsjukdommen og spreiing.
- Det kan gi alvorlege konsekvensar. I verste fall fører det til meir omfattande behandling, prognosetap og dødsfall, fortset Cordt-Hansen.
Gitt 117 avslag
I same periode har NPE gitt 117 avslag.
- Avslaga kjem som regel av ein av tre ting, at det ikkje har vore svikt i behandlinga, at det ikkje har vore svikt i diagnostikk eller at eventuell svikt ikkje har gitt nokon erstatningsmessige konsekvensar for pasienten, seier Cordt-Hansen.
Ho oppfordrar dei som lurer på om dei har rett på erstatning til å ta sjekken på NPE.no.
- Ved å svare på nokre enkle spørsmål her, kan du få ein peikepinn på om du kan ha rett til erstatning.