Aktuelt

Her finn du nyhende og pressemeldingar frå NPE.

Skriv ut Bokmål | English | 4. juni 2019

1   2   3   4   5   6   7   8   9   10   >>

Kort om erstatningssaker - leiringsskade

Visste du at NPE dei siste fem åra har behandla 85 saker som handlar om skade etter feil liggjestilling under operasjon? Dette er òg kalla leiringsskadar. 62 av erstatningssøkjarane har fått medhald i kravet, og dei har totalt fått utbetalt 26 millionar kroner i erstatning.

Ti år med erstatningar etter vaksine mot svineinfluensa

I 2019 er det ti år sidan Norsk pasientskadeerstatning (NPE) tok på seg erstatningsansvaret etter vaksinen Pandemrix mot svineinfluensa. Sidan då har NPE teke imot 801 søknader og utbetalt nærare 350 millionar kroner i erstatning.

Kort om erstatningssaker - brystplastikk i privat helseteneste

Visste du at NPE dei siste fem åra har behandla 64 saker som gjeld brystplastikk utført i privat helseteneste? Elleve erstatningssøkjarar har fått medhald. Det er utbetalt til saman 1,5 millionar kroner i erstatning.

Fleire får behandla saka si hjå NPE

Blir du feilbehandla i den offentlege eller private helsetenesta, kan du ha rett til erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE). I fyrste halvdel av 2019 har NPE totalt behandla 14 prosent fleire saker enn i same periode i fjor.

Behandling i utlandet

Om nordmenn på reise i utlandet får ein skade når dei blir behandla for ein sjukdom, kan dei ikkje søkje om erstatning frå NPE. I utgangspunktet skal krav om erstatning etter skade rettast direkte mot behandlingsstaden.

Kort om erstatningssaker - operasjonar av kneskadar

Visste du at NPE dei siste fem åra har fatta 295 vedtak som omhandlar operasjonar av kneskadar? 124 erstatningssøkjarar (42 prosent) har fått medhald, og så langt er det utbetalt 34 millionar kroner i erstatning.

Forskrifta om meinerstatning på pasientskadeområdet er sendt på høyring

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) sende 20. mai på høyring forslag til ny forskrift om meinerstatning ved pasientskadar. Forslaget er utarbeidd av NPE på oppdrag frå departementet.

Kort om erstatningssaker - føflekkreft

Visste du at NPE dei siste fem åra har gitt medhald i 38 av 71 saker som gjeld diagnostisering av føflekkreft?

Forskrift om meinerstatning på høyring

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) gav NPE i oppdrag å lage ei forskrift om utrekning av meinerstatning på pasientskadeområdet. Oppdraget er no levert.

Ny digital teneste for aktørar i privat helseteneste

Vi har utvikla ei ny teneste for helsepersonell utanfor den offentlege helsetenesta. Tenesta skal hjelpe deg med å få svar på om du har meldeplikt til Norsk pasientskadeerstatning, og må betale tilskot.

NPE lanserer Mi side for erstatningssøkjarane

Vi har utvikla ei digital teneste der erstatningssøkjar kan få oversikt over kva som skjer i saka si. På Mi side finn du breva frå oss, og du kan sjølv sende inn kommentarar og dokumentasjon her.

Fleire søkjer om erstatning etter pasientskade

I fyrste kvartal 2019 tok Norsk pasientskadeerstatning imot 1566 søknader om erstatning. Dette er ein liten auke på 1,5 prosent frå fyrste kvartal i fjor.

Kort om erstatningssaker - rutinesvikt

Visste du at NPE har gitt medhald i 91 saker dei siste sju åra som gjeld forseinka diagnose som følgje av rutinesvikt?

Kort om erstatningssaker - hofteprotese

Visste du at NPE har behandla 785 saker dei siste fem åra som gjeld operasjon med innsetjing av hofteprotese?

Årsrapport 2018

Årsrapporten for 2018 er klar. Mellom aktivitetane i 2018 kan vi nemne at NPE fylte 30 år, vi arbeidde med ny strategi, og innførte eitt vedtak.

Kort om erstatningssaker - ettergløymt utstyr

Visste du at 37 erstatningssøkjarar dei siste fem åra har fått utbetalt 4,2 millionar kroner i erstatning på grunn av ettergløymt utstyr i kroppen i samband med kirurgiske inngrep eller andre prosedyrar?

Kort om erstatningssaker - diagnostisering av lungekreft

Visste du at NPE dei siste fem åra har gitt medhald i halvparten av 243 erstatningssaker som gjeld forseinka diagnostikk av lungekreft?

Hugs tilskotsplikta til NPE

Alle verksemder som gir helsehjelp utanfor den offentlege helsetenesta skal betale tilskot til NPE. Den årlege meldefristen er 1. februar. Dette inneber at oppdatering må gjerast i løpet av januar. Oppføringa blir fornya automatisk, så om du ikkje har nokon endringar i helsepersonellgrupper, årsverk eller kontaktopplysingar, treng du ikkje...

Over ein milliard utbetalt i erstatningar til pasientar og pårørande

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) betalte 1014 millionar kroner i erstatningar til pasientar og pårørande i 2018. Det er ein auke på 3,5 prosent frå 2017.

66 kvinner fekk livmorhalskreft – kunne vore unngått

NPE har gitt erstatning til 66 kvinner og deira pårørande på grunn av forseinka diagnostisering av livmorhalskreft.  Kvinnene har fått erstatning fordi NPE meiner dei ikkje har fått den oppfølginga dei hadde krav på.

Kort om erstatningssaker - skeiv stortå

Visste du at NPE har behandla 164 saker som omhandlar operasjon på grunn av Hallux valgus, altså skeiv stortå, dei siste fem åra?

Kort om erstatningssaker - diagnostisering av ADHD

Visste du at NPE har behandla 165 saker som gjeld diagnostisering av ADHD dei siste ti åra? I alt 23 erstatningssøkjarar har fått medhald, og det er til no utbetalt tolv millionar kroner i erstatning.

Høgsterettsdom om psykiske skadar hjå næraste pårørande

Dommen frå Høgsterett av 30.10.2018 varslar ei justering av praksis ved erstatning til næraste pårørande.

Fagnotat om utrekning av erstatning i kreftsaker

Her finn du eit internt fagnotat om korleis vi reknar ut erstatning til personar som har fått forseinka diagnose og behandling av kreft.

Kort om erstatningssaker - tjukktarmskreft

Visste du at NPE dei siste fem åra har behandla 237 tjukktarmskreftsaker?

1   2   3   4   5   6   7   8   9   10   >>