Aktuelt

Her finn du nyhende og pressemeldingar frå NPE.

Skriv ut Bokmål | English | 4. juni 2019

<< 1   2   3   4   5   6   7   8   9   10   >>

Leiinga i NPE på nordisk leiarsamling

I byrjinga av september var leiargruppa i NPE på årleg nordisk leiarsamling i Stockholm. I alt 16 leiarar frå dei fem nordiske pasientskadeordningane møttest til tre dagar med gjensidig informasjon, gode diskusjonar og hyggeleg kollegialt samvær.

Kan eg søkje erstatning for skaden min?

NPE lanserer no ei digital teneste «Kan eg søkje erstatning for skaden min?». Her kan erstatningssøkjarane fylle ut nokre enkle spørsmål i eit nettskjema og få ein peikepinn på om dei har krav på erstatning eller ikkje.

355 pasientar unødvendig opererte – har fått 140 millionar kroner i erstatningar frå NPE

Ei kvinne som feilaktig fekk fjerna eggstokkane, mista evna til å få eigne barn. Ein overvektig pasient som fekk fedmekirurgi utan godt nok grunnlag, mista milten på grunn av komplikasjonar. Ein mann fekk fjerna ein menisk, som førte til smerter og redusert bøyeevne. Han skulle ikkje vore operert.

Kort om erstatningssaker - diabetes

Visste du at NPE har behandla 135 diabetessaker dei siste ti åra? Halvparten av i alt 43 medhaldssaker gjeld svikt i behandlinga av følgjesjukdomar til diabetes.

Kort om erstatningssaker - kneprotese

Visste du at NPE har behandla 322 kneprotesesaker dei siste fem åra? I desse sakene er det operert inn protese i kneet på grunn av artrose (slitasje).

Møte med Språkrådet om forskriftsarbeid

NPE er i gang med å lage utkast til forskrift om utrekning av meinerstatning på pasientskadeområdet. Vi har no hatt møte med Språkrådet om eit samarbeid for å skrive forskrifta i eit klart og forståeleg språk.

NPE har utbetalt 534 millionar kroner i erstatningar fyrste halvår

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) er ein etat som behandlar erstatningskrav frå pasientar som meiner dei har fått ein skade etter feilbehandling i offentleg eller privat helseteneste. Fyrste halvdel av 2018 har NPE teke imot 2933 saker og utbetalt 534 millionar kroner i erstatningar til pasientar og pårørande.

Forskrift om utrekning av meinerstatning ved pasientskadar

NPE er i gang med å lage utkast til forskrift om utrekning av meinerstatning på pasientskadeområdet. Det er nedsett ei referansegruppe for å sikre brukarinvolvering og det er avgjort kva medisinske område som skal prioriterast.

17 millionar kroner i erstatning til pasientar som har blitt behandla feil stad på kroppen

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) har gitt medhald i 48 saker frå 2012 til i dag, der pasienten har blitt behandla feil stad på kroppen. NPE har utbetalt 17,3 millionar kroner i erstatning til desse pasientane.

NPE sin rapport for dei regionale helseføretaka: 3,6 milliardar kroner i erstatning utbetalt dei siste fem åra

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) har dei siste fem åra utbetalt 3,6 milliardar kroner i erstatning til pasientar og pårørande som har hatt krav på erstatning etter feilbehandling i spesialisthelsetenesta, viser ny rapport.

Auke i saker NPE har teke imot etter behandling i privat helseteneste

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) har hatt ein auke på nærare åtte prosent frå 2016 til 2017 i melde erstatningssaker som gjeld behandling i den private helsetenesta

Kort om erstatningssaker - antibiotikabehandling

Visste du at NPE dei siste fem åra har gitt medhald i 50 av 77 erstatningssaker, og utbetalt 25 millionar kroner i erstatning etter feil eller manglande antibiotikabehandling?

Kort om erstatningssaker - hjerneslag

Visste du at NPE dei siste fem åra har behandla 272 hjerneslagsaker? Over 80 prosent av medhaldssakene er grunngjevne med svikt i diagnostikk.

238 millionar kroner i erstatningsutbetalingar etter feilbehandling utbetalt til no i år

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) har dei fyrste tre månadene i 2018 utbetalt 238 millionar kroner i erstatningar til pasientar og pårørande etter feilbehandling i helsetenesta.

Forskrift om utrekning av meinerstatning ved pasientskadar

NPE skal lage utkast til forskrift om utrekning av meinerstatning ved pasientskadar. Vi har sett ned ei arbeidsgruppe med deltakarar frå NPE og Helseklage. Brukarar vil bli involverte i arbeidet etter kvart. Arbeidsgruppa har frist ut året med å levere forslaget.

Årsrapport for 2017 er ute

Årsrapporten vår for 2017 er klar. 2017 var eit spennande år, med store endringar i NPE. Vi gjennomførte mellom anna eit omfattande utviklingsprogram med omorganisering av heile saksbehandlingsavdelinga, og oppretta ei ny eining, Team ekspress.

Nye reglar gir høgare standarderstatning til barn

Erstatningsnivået for barn og unge blir no heva monaleg gjennom ei lovendring. Dette er eit godt nyhende for barn som får skadar etter feilbehandling i helsetenesta.

Informasjonsmøte med Helse- og omsorgskomiteen

NPE har saman med Helseklage blitt invitert til møte med Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget for å orientere komiteen om sentrale sider ved pasientskadeordninga.

Årstal 2017: Stabilt i Norsk pasientskadeerstatning

Årstala 2017 for Norsk pasientskadeerstatning (NPE) viser at saker tekne imot og utbetalingar ligg stabilt samanlikna med 2016.

Kort om erstatningssaker - fedmekirurgi

Visste du at NPE har behandla 121 fedmekirurgisaker dei siste fem åra? 35 erstatningssøkjarar har fått medhald i erstatningskravet, og det er så langt utbetalt tolv millionar kroner i erstatning.

Dom frå Høgsterett om unntaksregelen i pasientskadelova

Ein ny dom frå Høgsterett stadfestar at NPE praktiserer regelverket på rett måte. Saka gjeld ein pasient som fekk sjeldne, men kjende skadar etter behandling for inkontinens. Skadane skuldast ikkje svikt i behandlinga og dei blei heller ikkje vurderte til å vere særleg store eller særleg uventa slik at unntaksregelen kom til bruk. Dommen innehel...

Kvifor må tannlegar betale tilskot til NPE - og kva skal det dekkje?

Tannlegar som behandlar pasientar utanfor den offentlege helsetenesta har plikt til å melde seg inn i tilskotsordninga i Norsk pasientskadeerstatning (NPE), og betale eit årleg tilskot.

Pasient- og brukarombodsseminaret 2017

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) inviterte Pasient- og brukarombodskontora til seminar 8. november 2017. Nesten 60 deltakarar var samla til eit variert program, med tema innan psykisk helsevern, klagebehandling og pasienttryggleik.

Fastlegeordningen – hvor svikter det?

En gjennomgang av NPE-saker knytta til behandling og oppfølging hos fastlege, viser at svikt i diagnostikk er den vanligste årsaken til medhold, og at det først og fremst gjelder forsinket diagnostisering av kreft.

Revidert intern invaliditetstabell

NPE har laget en intern tabell for fastsettelse av medisinsk invaliditet. Vi har nå revidert tabellen for kvinnelige kjønnsorganer.

<< 1   2   3   4   5   6   7   8   9   10   >>