På dette området får 97 prosent avslag
- Å ha levd med udiagnostisert ADHD gir i seg sjølv ikkje rett til erstatning, seier direktør Kristin Cordt-Hansen.
Norsk pasientskadeerstatning har dei siste åra teke imot stadig fleire søknader tilknytt ADHD og 2025 vart eit rekordår med 317 søknader motteke.
- Vi ser at talet på ADHD-søknader har auka med 52 prosent på berre fem år. Ofte heng mange nye søknader saman med at fleire får erstatning, men slik er det ikkje på ADHD-området. Berre sju personar fekk erstatning tilknytt ADHD i fjor, seier Kristin Cordt-Hansen, direktør i NPE.
NPE behandlar søknader innan ei rekke medisinske felt. Det er likevel store forskjellar på kor mange som har krav på erstatning på dei ulike områda. Innan tannbehandling fekk halvparten av søkjarane erstatning, medan berre tre prosent av ADHD-søknadene har enda med erstatning dei siste fem åra (2021-2025).
- Det er sjeldan vi ser eit så lågt tal, seier Cordt-Hansen.
Mange meiner diagnosen vart stilt for seint
Dei aller fleste søknadene om feilbehandling av ADHD handlar om at erstatningssøkjaren meiner diagnosen vart stilt for seint. Cordt-Hansen seier det å leve med ein udiagnostisert ADHD er ei stor belastning.
- Det kan gå ut over livskvaliteten, evna til å gjennomføre skulegangen, høvet til å skaffe seg jobb og kan føre til ein vanskeleg økonomisk situasjon.
NPE-direktøren fortel at fleire søkjarar er frustrerte og fortvilte over situasjonen dei har hamna i.
- Mange har fått diagnosen i vaksen alder, og spør seg kor mykje som kunne vore annleis i livet om dei fekk han tidlegare. Frustrasjonen og spørsmåla erstatningssøkjar sit med, er noko vi tek på alvor. Men å ha levd med udiagnostisert ADHD gir i seg sjølv ikkje rett til erstatning. Heller ikkje forseinka diagnose gir automatisk rett til erstatning.
ADHD blir vurdert annleis i dag
Når NPE vurderer om ein erstatningssøkjar har fått feil behandling, skal vi sjå på kva helsetenesta visste om ADHD på tidspunktet søkjaren fekk behandlinga, ikkje det vi veit om ADHD i dag.
- I dette biletet må vi også ta omsyn til at kunnskapen om ADHD, og korleis ein set diagnosen, har endra seg mykje opp gjennom åra, seier Cordt-Hansen.
NPE kan gi erstatning for feilbehandling i helsetenester, som til dømes barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), distriktspsykiatrisk senter (DPS) og fastlege.
- Men, oppfølging frå til dømes skule, pedagogisk psykologisk teneste (PPT) og barnevern er ikkje helsehjelp. Manglande oppfølging derfrå gir derfor som hovudregel ikkje rett til erstatning frå NPE.
Rett behandling den gongen
I dei fleste sakene var behandlinga rett på det tidspunktet behandlinga vart gitt, ut frå dåtidas kunnskap og praksis. I dag blir ADHD vurdert annleis.
- Mange som kontaktar oss er opptekne av å få erstatning som ei anerkjenning av dei problema dei har opplevd, ei såkalla oppreising. NPE kan gi erstatning for økonomisk tap og varig skade, men vi kan ikkje gi erstatning for «tort og svie».
Cordt-Hansen fortel at eit avslag frå NPE for nokon kan opplevast som å ikkje bli trudd for plagene ein har og utfordringane ein har stått i.
- Nokon opplever det som urimeleg at NPE seier nei. Vi har forståing for den krevjande situasjonen mange av søkjarane står i. Men det betyr ikkje at dei automatisk har rett til erstatning etter pasientskadelova og det er den vi må forhalde oss til når vi behandlar desse sakene.
Peikar på KI som aukande utfordring
Bruken av kunstig intelligens har skote i vêret dei siste åra. Tidlegare i haust rapporterte Statistisk sentralbyrå at 7 av 10 nordmenn og heile 9 av 10 unge oppgir å ha brukt generativ KI i år (ekstern kjelde: Kunstig intelligens i nesten alle heim – SSB).
Cordt-Hansen fortel at mykje tyder på at fleire og fleire søknader blir skrivne ved hjelp av KI.
- Først må eg seie at KI kan vere eit nyttig hjelpemiddel. Kanskje har nokre til dømes skrivevanskar og dermed kan få hjelp med å reinskrive formuleringane sine. Likevel kan bruken av KI vere problematisk når du skal søkje erstatning.
Direktøren fortel at ho har sett at lengda på fleire søknader aukar, og at det kan gjere at det tek lengre tid å behandle søknaden.
- Når søknadene blir for lange kan det vere vanskeleg for oss å sjå kvar det er søkjaren meiner det har skjedd ei feilbehandling. Hovudpoenget kan drukne.
ADHD-søknadene kan nemleg dreie seg om mange behandlingssituasjonar over fleire år, fortel Cordt-Hansen.
- Men eg vil understreke at NPEs jobb er å vurdere søknadene som kjem inn uavhengig av om søkjar har fått hjelp av KI.