Rekordmange har søkt om erstatning

4300 har søkt Norsk pasientskadeerstatning i første halvår.

Skriv ut Publisert: 21. august 2025

I første halvdel av 2025 fekk Norsk pasientskadeerstatning (NPE) 4300 søknader om erstatning.

- Vi har aldri sett så høge tal, seier Kristin Cordt-Hansen, direktør i NPE, om auken på elleve prosent frå same periode i fjor.

Trenden fortset

Dei siste åra har NPE tatt imot stadig fleire erstatningskrav.

NPE-direktøren seier det kan vere fleire grunnar til denne auken.

- Vi trur fleire og fleire blir klar over kva rettar dei har. Helsepersonell er betre til å informere om ordninga og forklare pasientar at dei kan melde saka si til oss om dei meiner det har skjedd ei feilbehandling.

- Samtidig jobbar vi aktivt med å vere synlege og få ut god informasjon om ordninga. Vi anbefaler alle moglege søkarar å ta sjekklista på nettsida vår for å få ein peikepinn på om dei har rett til erstatning, fortset Cordt-Hansen.

Utbetalt 600 millionar kroner

NPE har behandla 4275 saker i første halvår. Av desse har 845 fått medhald i at dei har rett på erstatning. Hovudgrunnen til at desse får erstatning er at dei har fått ein pasientskade og økonomiske tap og plagar som følge av feilbehandlinga.

NPE har utbetalt 600 millionar kroner i perioden.

Eksempel på ein som har fått erstatning

Mann, 48 år:

Mannen blei kneoperert på grunn av ein øydelagd menisk. Etter operasjonen fekk mannen dårleg rørsle og store smerter i kneet. Smertene fortsette sjølv om han prøvde å trene opp kneet.

Sakkunnig spesialist undersøkte saka og fastslo at det var nytta feil operasjonsmetode og at operasjonsmetoden var årsaka til det dårlege resultatet. Pasienten var snikkar, men kunne ikkje fortsette i yrket. Etter omskolering kunne han fortsette i arbeidslivet, men han hadde reduserte inntekter i omskoleringsperioden. I tillegg hadde mannen utgifter til fysioterapi for opptrening av kneet.

Pasienten blei feilbehandla. Feilbehandlinga gav pasienten eit dårleg fungerande kne som igjen medførte eit økonomisk tap som blei erstatta av NPE. Ut over dekning av dei økonomiske tapa, fekk han også ei såkalla meinerstatning for den «tapte livsutfoldinga» skaden gav mannen.

Ikkje alle har rett på erstatning

Sjølv om det aldri har vore så mange som har hatt rett på erstatning, ser vi likevel at fleirtalet av søkarane får avslag på søknaden sin. Cordt-Hansen forklarer at det kan vere fleire grunnar til dette.

 - Pasientar kan ha hatt eit dårleg møte med helsevesenet, for eksempel fått forseinka diagnose og blitt behandla seinare enn dei burde. Likevel er ikkje det alltid nok til å få erstatning etter pasientskadelova, seier Cordt-Hansen.

- Viss situasjonen hadde vore den same utan forseinkinga, får ikkje pasienten erstatning.

Eksempel på forseinka diagnose, der pasienten ikkje fekk skade

Kvinne, 58 år:

Kvinna oppdaga ein kul i venstre bryst. Undersøking på sjukehuset bekrefta at kulen var ein vondarta kreftsvulst. Sjukehuset såg på mammografibilda til kvinna frå eit år tidlegare og fastslo at kulen også var synleg på desse bilda. At dei ikkje fann kulen på mammografibilda eit år tidlegare meinte sjukehuset sjølv var ein svikt i ytinga av helsehjelp. I løpet av det året diagnosen blei forseinka, hadde kvinna ingen plager frå kreften. Behandlinga blei akkurat den same som kva han ville vore for eit år sidan og forseinkinga har ikkje vore avgjerande for høva hennar til å bli frisk av kreften.

Kvinna har derfor ikkje rett på erstatning, sidan forseinkinga ikkje påførte henne nokon skade.

Presseførespurnader