Livmorhalskreft - diagnose - avslag

Ei kvinne søkte erstatning for forseinka diagnostisering av livmorhalskreft. Ho meinte at celleprøvar som blei tekne to år tidlegare var feiltolka. Hadde ein oppdaga at det var celleforandringar då, ville ho sloppe ei meir omfattande behandling med cellegift og stråling. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 4. desember 2018

Kvinna kom til legen med magesmerter. Det blei mellom anna rutinemessig teke celleprøvar frå livmorhalsen. Svaret var at prøvane var normale. Gjennom dei neste månadene blei ho undersøkt fleire gonger, sidan ho var gravid og hadde noko farga utflod.

Etter fødselen hadde ho vedvarande plager frå underlivet. Det blei teke nye celleprøvar som då viste at ho hadde HVP virus og ein høggradig lesjon som ein mistenkte kunne vere celleforandringar. Ho blei sendt til gynekolog for å ta vevsprøvar frå  livmorhalsen. Dei viste at ho hadde utvikla kreft.

Kvinna fekk behandling med cellegift og stråling. Ho utvikla eit trøyttleikssyndrom, og måtte redusere stillinga si.

Etter at kreften blei påvist, gjekk ein tilbake og granska den fyrste prøven teken 18 månader tidlegare. Prøven var dårleg fordi det var blod i han. Ein fann at det var cellegrupper som ikkje var normale, og patologen meinte at kvinna burde ha fått ny kontroll etter seks månader.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i patologi vurderte saka.

Vi meinte at den fyrste celleprøven blei vurdert og skildra etter god medisinsk praksis.

Celleprøven var ikkje spesielt god. Dels var han turr, og en del cellegrupper let seg ikkje vurdere. Dei som kunne vurderast såg normale ut. Ved ny gransking kunne ein sjå felt som kunne representere høggradige celleforandringar (dvs. byrjinga til kreft). Vi konkluderte med at dette var funn gjort i ettertid, når ein visste at kvinna hadde utvikla kreft. Vi fann difor ikkje å tilleggje desse funna vekt.

Kvinna var ikkje påført nokon pasientskade.

Ho har difor ikkje rett til erstatning.