Personvernerklæring

Her finn du generell informasjon om korleis Norsk pasientskadeerstatning (NPE) behandlar personopplysingar og kva rettar du har.

Skriv ut Bokmål | English | 10. november 2023

Kvifor behandlar NPE personopplysningar?
Det rettslege grunnlaget til NPE for behandling av personopplysingar
Slik behandlar vi personopplysingar
Lagring av opplysingane
Kven får sjå personopplysingane dine?
Slik tek vi vare på personopplysingane dine
Databehandlaravtalar
Rettane dine etter personopplysingslova
Behandlingsansvarleg og personvernombod
Retten til å klage til Datatilsynet
Nettstatistikk og brukarrørsler

Kvifor behandlar NPE personopplysingar?

Føremålet til NPE er å greie ut og avgjere om du har rett til erstatning etter pasientskadelova. For å gjere det må vi behandle personopplysingar.

I tillegg skal NPE bidra med statistiske data til skadeførebyggjande arbeid og betre kvalitet i helsetenesta. Då brukar vi personopplysingar til å utarbeide statistikk og analysar. Vi brukar opplysingane i ei form som gjer at det ikkje er mogleg å knyte opplysingane til enkeltpersonar.

Dersom personopplysingar blir brukte til forsking, vil dette skje i tråd med relevante lover og reglar og samtykke blir innhenta der dette er påkrevd.

Det rettslege grunnlaget til NPE for behandling av personopplysingar

All behandling av personopplysingar må ha eit rettsleg grunnlag. NPE har dette grunnlaget i pasientskadelova med forskrifter og i personopplysingslova. I personopplysingslova med personvernforordninga er artiklane 6 og 9 sentrale.  

Slik behandlar vi personopplysingar

NPE følgjer pasientskadelova, personopplysingslova, forvaltingslova, arkivlova og offentleglova. Det sikrar at alle personopplysingar blir behandla på ein forsvarleg, korrekt og sikker måte. Vi ber ikkje om fleire opplysingar enn det som er nødvendig for å behandle saka di.

I nokre sakstypar treng vi å hente opplysingar frå andre. Dette kan til dømes vere:

  • informasjon frå Folkeregisteret
  • journalopplysingar frå helsepersonell, som fastlege og sjukehus
  • dokument frå NAV
  • skatteopplysingar

Vi treng samtykket ditt for å hente inn tilstrekkelege og relevante opplysingar for å behandle saka di. Vi hentar opplysingane fyrst etter at samtykke er gitt.

Det er frivillig å gi samtykke, og du kan trekkje samtykket ditt når du ynskjer. Om du trekkjer samtykket, kan vi ikkje lenger behandle saka di.

I enkelte tilfelle kan det óg vere aktuelt å søkje etter offentleg tilgjengelege opplysingar på internett.

Opplysingane vi hentar inn vil vi berre bruke til det føremålet dei er henta inn for, med mindre vi har lovleg grunnlag til å bruke dei til andre føremål.

Mellom anna brukar vi personopplysingar for å utvikle og forbetre system og saksbehandlingsprosessar. Dette for å kunne gje raskare saksbehandling og sørgje for likebehandling.

Lagring av opplysingane

Vi skal ikkje lagre opplysingar om deg lenger enn det som er nødvendig ut frå føremålet. Vi har likevel plikt etter arkivlova å lagre alle opplysingane i samband med saksbehandlinga. Vi må òg ta vare på opplysingane etter at saksbehandlinga er avslutta. I utgangspunktet blir personopplysingane lagra mellom 25–30 år, før dei blir overførte til Riksarkivet.

Kven får sjå personopplysingane dine?

Dei som behandlar saka di i NPE får tilgang til personopplysingane dine. Om vi brukar ein sakkunnig til å vurdere saka di, får ho eller han også tilgang til personopplysingane dine.

Når vi hentar inn personopplysingar om deg (til dømes frå behandlingsstaden), må vi sende over søknaden om erstatning og samtykket ditt.

Har du fullmektig i saka, vil òg fullmektigen få tilgang til opplysingane i saka.

Slik tek vi vare på personopplysingane dine

Vi har rutinar for å sikre at personopplysingane dine blir behandla på ein forsvarleg, korrekt og sikker måte. Det er berre dei tilsette som har behov i arbeidet sitt, som har tilgang til personopplysingane dine.

Personopplysingane er underlagde lovpålagd teieplikt. Vi vil ikkje utlevere personopplysingane dine til andre. Det gjer vi berre om du samtykkjer, eller ein lovheimel fritek oss frå teieplikta.

Databehandlaravtalar

Vi har avtalar med eksterne leverandørar om ymse nødvendige tenester, til dømes it-tenester og postopning. Vi har inngått databehandlaravtalar med desse leverandørane. Desse avtalane regulerer korleis leverandørane skal behandle personopplysingar på vegner av oss. Dei kan ikkje bruke opplysingane til andre føremål enn det som er avtalt med oss. Dei har same teieplikt som tilsette i NPE.

Rettane dine etter personopplysingslova

Her ser du kva rettar du har og kvar du kan vende deg om du har spørsmål:

Informasjon
Du har rett til å få forståeleg informasjon om kva opplysingar vi behandlar om deg. Du skal få vite føremålet, rettsgrunnlaget og rettane dine som registrert.

Innsyn
Du har rett til innsyn i kva personopplysingar vi behandlar og har lagra om deg. Har du ei sak hjå oss, har du òg rett til innsyn i saksdokumenta.

Retting
Det er viktig at opplysingane vi har om deg er rette og at dei er nødvendige for behandlinga av saka di. Du kan krevje at opplysingane om deg blir retta om dei er feil eller ufullstendige. Du har òg rett til å leggje til korrekte opplysingar. Vi kan ikkje rette opplysingar vi har henta inn frå andre (til dømes i journalar).

Sletting
I spesielle tilfelle kan du ha rett til å få sletta opplysingar om deg, om vi ikkje har ei lovpålagd plikt til å lagre opplysingane. Vi kan ikkje slette opplysingar som er henta frå andre.

Vi skal svare på krav om innsyn innan 30 dagar, med mindre kravet er så omfattande at vi treng å bruke lengre tid. Må vi bruke lengre tid, vil du få ei melding frå oss om dette før det har gått 30 dagar.

Behandlingsansvarleg og personvernombod

I NPE er det direktøren som er ansvarleg for behandlinga av personopplysingar.

Kontaktinformasjon:

Norsk pasientskadeerstatning, Postboks 232 Skøyen, 0213 Oslo
Telefon: 22 99 45 00
E-post: npepost@npe.no

NPE har eige personvernombod som kan gi generelle råd og rettleiing om personvern.

Kontaktinformasjon:

Norsk pasientskadeerstatning, Personvernombodet, Postboks 232 Skøyen, 0213 Oslo
Telefon: 22 99 45 00
E-post: personvernombud@npe.no

Av omsyn til personvernet ditt må du ikkje sende sensitive personopplysingar på e-post.

Retten til å klage til Datatilsynet

Har du opplevd noko du meiner er brot på personvernet, kan du klage ved å sende ein skriftleg førespurnad til Datatilsynet, Postboks 8177, 0034 Oslo.

Informasjon om korleis du går fram finn du på nettsidene til Datatilsynet.

Nettstatistikk og brukarrørsler

Vi brukar analyseverktøyet Plausible. Les meir om Plausibles personvernerklæring.