Tjukktarmskreft - forseinka diagnose - medhald

Ein mann søkte erstatning for forseinka diagnose og behandling av tjukktarmskreft. Vi vurderte saka og mannen fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 22. oktober 2018

Mannen var fleire gonger til legen med smerter i dei nedre delane av magen. Tilstanden blei vurdert som omgangssjuke. Magesmertene heldt fram i fleire månader, med kvalme, diaré og oppkast, utan at legen fann grunnlag for å ta blodprøvar eller avføringsprøvar.

På mistanke om tjukktarmsbetennelse sende den nye fastlegen til mannen han til sjukehus for å få gjort koloskopiundersøking av tarmen. Undersøkinga viste at mannen hadde tjukktarmskreft. Han blei operert og delar av tarmen blei fjerna, saman med fleire omkringliggjande lymfeknutar som det var spreiing til. Mannen blei behandla med cellegift.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i allmennmedisin og ein sakkunnig spesialist i gastroenterologisk kirurgi vurderte saka.

Vi meinte at oppfølginga av mannen hos fastlegen ikkje var i tråd med god medisinsk praksis. Då han kom til legen fleire gonger med magesmerter som ikkje ville gi seg, diaré og vekttap skulle han vore tilvist til undersøking på sjukehus. Fyrst då han fekk ny fastlege eit halvt års tid etter, blei han tilvist til undersøking av tarmen. Vi meinte det dreidde seg om fem månader forseinka diagnose av tjukktarmskreft.

Forseinkinga førte til eit meir omfattande inngrep, der ein del av tarmen og lymfeknutar måtte fjernast. Mannen måtte òg ha cellegiftbehandling, som han mest sannsynleg hadde sloppe ved rett diagnose fem månader før.

Mannen har rett til erstatning.