Innsyn og postjournal

Skriv ut Bokmål | English | 20. februar 2024

Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd av 19. mai 2006 (offentleglova) gir kvar og ein rett til innsyn i forvaltinga sine dokument og journalar, dersom det ikkje ligg føre eit unnatak for dette innsynet heimla i lov eller i medhald av lov. Offentleglova gjeld òg for Norsk pasientskadeerstatning (NPE).

Heimel for NPE til å avslå krav 

Pasientskadesaker handlar i stor grad om personlege forhold som er lagde under teieplikt. Desse personsensitive opplysingane vil vere tekne unna for innsyn etter offentleglova § 13 jf. forvaltingslova § 13. Resten av dokumentet er som eit utgangspunkt ikkje teke unna offentleg innsyn, jf. likevel unnatak etter offentleglova § 12. I mange tilfelle vil NPE difor kunne ta unna heile dokument i pasientskadesaka frå innsyn, utover dei opplysingane som er lagde under teieplikt. 

Difor har NPE ein eigen heimel i offentlegforskrifta § 9 fjerde ledd, som gir heimel til unnatak frå innsyn i journalar og saksdokument i heile enkeltsaker etter pasientskadelova.

Då det er svært arbeidskrevjande å skilje ut mellom anna dei opplysingane som er lagde under teieplikt, vil NPE difor som hovudregel avslå krav om innsyn i saker etter pasientskadelova med bakgrunn i regelen i offentlegforskrifta.

NPE tek imot mange krav om innsyn etter offentleglova, både frå journalistar og andre. Vedtak om å avslå krav om innsyn er klaga på og prøvd ei rekkje gonger med klage til klageorganet vårt, Helse- og omsorgsdepartementet. Desse vedtaka har alltid blitt oppretthaldne.

Heimel for behandlingsstad til å avslå krav

Vi har i fleire tilfelle sett vedtak frå oss, med detaljar om sjukehistorie, omtala i media. Slik vi har forstått det, er dette anonymiserte vedtak som er innhenta frå behandlingsstadene med heimel i offentleglova.

Offentlegforskrifta seier at det kan gjerast unnatak frå innsyn i enkeltsaker etter pasientskadelova. Unnataket gjeld då ikkje berre forvaltingsorgana som behandlar saker etter pasientskadelova, men alle dokument frå saka uansett kor dei er.

Behandlingsstadene vil altså kunne ta unna dokument frå NPE for innsyn med heimel i forskrifta § 9 fjerde ledd.

Vi gjer merksam på at behandlingsstadene sjølve naturlegvis avgjer kva policy ein ynskjer å føre når ein tek imot krav om innsyn.

Korleis krevja innsyn?

Du kan senda krav om innsyn på e-post: npepost@npe.no

Du får svar på krav om innsyn innan tre arbeidsdagar.