Sjølvmord under frivillig oppfølging - avslag

Ei kvinne tok livet sitt medan ho var under oppfølging av fastlege og psykiatrisk sjukepleiar. Dei etterlatne søkte om erstatning fordi dei meinte at kvinna ikkje ville teke livet sitt om ho hadde fått tettare oppfølging. Vi vurderte saka og dei fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 19. desember 2017

Kvinna hadde tidlegare vore innlagd ved psykiatrisk avdeling på grunn av aukande depressive symptom, alkoholproblem og risiko for sjølvmord. Ho blei utskriven etter ei veke fordi dei på sjukehuset meinte at det ikkje lenger var fare for sjølvmord.

Fordi kvinna ville ha oppfølging nærare heimen, følgde fastlegen henne opp. Ho hadde òg oppfølgingssamtalar ved DPS, men ein fann ikkje grunnlag for meir enn to samtalar. Ved siste samtale med fastlegen, kjende ho seg betre, og ho ynskte å kontakte legen ved behov.

Ho hadde kontakt med ein psykiatrisk sjukepleiar, men ho møtte ikkje til nokre av desse samtalane. Nokre månader etter siste kontakt med legen, tok ho livet sitt.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i psykiatri vurderte saka.

Vi meinte at kvinna blei behandla og teken hand om på ein fagleg forsvarleg måte. All behandling var basert på fri vilje, og det var heller ikkje grunnlag for tvang. Sjølvmordet såg ut til å ha kome uventa og overraskande. Det var ikkje opplysingar i saka som tilsa at sjølvmordet mest sannsynleg kunne vore avverja med andre tiltak eller tvang.

Dei etterlatne har ikkje rett til erstatning.