Marginal periodontitt – medhald

Ei kvinne bytte tannlege. Den nye tannlegen fann omfattande skadar på fleire tenner og betennelse i tannkjøtet. Kvinna søkte om erstatning då ho meinte at den førre tannlegen kunne diagnostisert og behandla skadane før. Vi vurdere saka og kvinna fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 3. januar 2018

Kvinna gjekk til regelmessig oppfølging hos tannlegen sin gjennom ein tiårs periode. Han tok òg røntgenbilde som viste at ho hadde tannròte og tannkjøtbetennelsar. Då kvinna etter nokre år bytte tannlege, tok den nye tannlegen nye røntgenbilde som viste at ho hadde betennelse i tannkjøtet og store område der tannrøtene var ròtne. Dette var òg synleg på røntgenbilda den førre tannlegen hadde teke.

Dette førte til at den nye tannlegen måtte setje i gang ei omfattande behandling av tennene. Han måtte trekkje fleire tenner i underkjeven og erstatte dei med delprotese.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig allmenntannlege vurderte saka.

Vi meinte at behandlinga kvinna fekk hos tannlegen sin gjennom ein tiårs periode ikkje var i tråd med vanleg praksis. Det var samanheng mellom den mangelfulle behandlinga og skaden på tennene, som den nye tannlegen fann på røntgenbilda då han overtok behandlinga.

Journalen frå den førre tannlegen var svært mangelfull, og det var vanskeleg å vurdere kva han hadde gjort. Dei røntgenbilda som tannlegen hadde teke seks år før, viste allereie då at kvinna hadde kronisk marginal periodontitt. Festet for tennene i området var øydelagt. Dessutan var det store ròteskadar på fleire tenner, som tannlegen ikkje hadde behandla. Diagnose og behandling var difor forseinka med fleire år. Hadde kvinna fått rett behandling på det tidspunktet, ville mest sannsynleg mange av tennene vore redda.

Kvinna har rett til erstatning.