Tannbehandling

Marginal periodontitt – medhald

Ei kvinne bytte tannlege. Den nye tannlegen fann omfattande skadar på fleire tenner og betennelse i tannkjøtet. Kvinna søkte om erstatning då ho meinte at den førre tannlegen kunne diagnostisert og behandla skadane før. Vi vurdere saka og kvinna fekk medhald.

Marginal periodontitt – avslag

Ein mann søkte erstatning då han meinte at han hadde fått for dårleg oppfølging og behandling av tennene hos tannlegen sin. Han meinte dette førte til at han måtte trekkje tenner på grunn av tannkjøtbetennelse (periodontitt). Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.

Behandling av karies – medhald

Ei kvinne søkte om erstatning då ho meinte at tannlegen hadde oversett at ho hadde hol i to tenner (karies). Ho meinte at dette førte til ei meir omfattande behandling av tennene, enn om diagnosen hadde blitt stilt eitt til to år før. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Behandling av karies – avslag

Ei kvinne søkte om erstatning då ho hadde fått mangelfull tannbehandling hos tannlegen sin. Ho meinte at dette førte til at ho måtte ha meir omfattande behandling på grunn av hol i tennene (karies) som ikkje var oppdaga. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.

Tanntrekking – nerveskade – avslag

Ei kvinne fekk fjerna ei visdomstann. Ho fekk ein nerveskade som gjorde henne kjenslelaus i halve andletet. Ho søkte om erstatning for dette. Vi vurderte saka og ho fekk ikkje medhald.

Rotfylling – medhald

Ei kvinne fekk rotfylt ein jeksel. Etter knappe to år måtte rotfyllinga gjerast om att hos ein annan tannlege. Vi meinte at den fyrste rotfyllinga ikkje var gjort rett, og at det var grunnen til at ho måtte gjerast om att etter så pass kort tid. V...

Instrumentbrudd ved rotfylling – avslag

En mann i 30 årene søkte erstatning for instrumentbrudd etter rotfylling av en tann. Han mente ekstrautgiftene han hadde til å få dette fjernet hos en spesialist måtte dekkes av tannlegen eller NPE.